Vis
Vel kva for element i hovudvindauget til LibreOffice Calc som skal visast. Du kan også visa eller gøyma markering av verdiar i tabellen.
Visuell hjelp
Bestemmer kva for linjer som skal visast.
Rutenettlinjer
Bestemmer når rutenett skal visast. Som standard vert rutenettet berre vist på celler som ikkje har bakgrunnsfarge. Du kan velja at rutenettet skal visast også når cellene har bakgrunnsfarge, eller å gøyma dei. For utskriving, vel Format → Side → Ark og merk av i avkryssingsboksen Rutenett.
Farge
Bestemmer fargen på rutenettet i det gjeldande dokumentet. For å sjå fargen som vart lagra med dokumentet, gå til LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Programfargar. Finn fram til Rekneark → Rutenettlinjer i feltet Sjølvvalde fargar og set fargen til «Automatisk».
Sideskift
Bestemmer om sideskift inne i eit definert utskriftsområde skal visast.
Hjelpelinjer under flytting
Bestemmer om hjelpelinjene skal visast når du flytter teikningar, rammer, bilete og andre objekt. Hjelpelinjene gjer det lettare å plassera objekta.
Vis
Vel ulike innstillingar for skjermvisinga.
Formlar
Bestemmer om formlar skal visast i staden for resultat i cellene.
Nullverdiar
Bestemmer om tal med verdien 0 skal visast.
Merknadsmerke
Her kan du bestemma at det skal setjast inn ein liten firkant i øvre, høgre hjørne i cella for å visa at det finst ein merknad til cella. Merknaden vert berre vist dersom du slår på tips under LibreOffice → Generelt i dialogvindauget for innstillingar.
For å vise ein merknad permanent, vel Vis merknad frå lokalmenyen til cella.
Du kan skriva og redigera merknadar ved hjelp av kommandoen Set inn → Merknad. Merknadar som vert viste permanent, kan redigerast ved å klikka i merknadsboksen. Kikk på navigatoren. Under merknaden kan du sjå alle merknadane i det gjeldande dokumentet. Dersom du dobbeltklikkar på ein merknad, vil markøren hoppe til den cella som inneheld merknaden.
Verdiutheving
Merk feltet Uthev verdiar for å visa celleinnhald med ulike fargar avhengig av typen. Tekstceller er vert viste i svart, formlar i grønt, talceller i blått og verna celler med ein lysegrå bakgrunn, uavhengig av korleis visinga er formatert.
Når dette valet er slått på, vert dei fargane du sjølv har lagt til i dokumentet ikkje viste før du slår av funksjonen.
Forankring
Bestemmer om ankerikonet skal visast når eit innsett objekt, som for eksempel eit biletobjekt, er merkt.
Tekstområdet er fullt
Viss ei celle inneheld tekst som er breiare enn cella, vert teksten vis over tomme naboceller i den same rada. Er det ingen ledige naboceller vil ein liten trekant ved cellekanten visa at teksten held fram.
Vis referansane i fargar
Gjer at kvar referanse er merkt med ein farge i formelen. Celleområdet vert også omgjeve av ein farga kant så snart cella som inneheld referansen er merkt for redigering.
Objekt
Bestemmer om du vil visa eller gøyma objekt for opp til 3 objektgrupper.
Objekt/bilete
Bestemmer om objekt og bilete skal visast eller gøymast.
Diagram
Bestemmer om diagram skal visast eller gøymast.
Teikneobjekt
Bestemmer om teikneobjekt skal visast eller gøymast.
Skalering
Synkroniser ark
Dersom denne er avkryssa, vert alle arka viste med same forstørringa. Er det ikkje avkryssa her, kan kvart ark verta vist med ulik forstørring.
Vindauge
Bestemmer om nokre hjelpeelement skal visast i tabellen eller ikkje.
Kolonne- og radoverskrifter
Bestemmer om rad- og kolonneoverskrifter skal visast eller ikkje.
Vassrett tullefelt
Bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
Loddrett rullefelt
bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
Arkfaner
Her bestemmer du om arkfanene nedst på arket skal visast. Viss dette feltet ikkje er merkt, er det berre råd å byte mellom arka ved å bruka dokumentstrukturendokumentstrukturen.
Disposisjonssymbol
Viss du har definert ein outlinedisposisjon, vil disposisjonssymbolet bestemma om symbolet skal visast på kanten av arket.