Innstillingar for LibreOffice Calc

Her kan du definere ulike innstillingar for rekneark som kva for innhald som skal visast og kva retning markøren skal flyttast etter datainnskriving i ei celle. Du kan også definere sorteringslister, kor mange desimalar som skal visast og innstillingar for registrering og merking av endringar.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit reknearkdokument og vel → LibreOffice Calc.


Generelt

Bestemmer dei generelle innstillingane for rekneark.

Standardar

Definerer standardinnstillingane for nye reknearkdokument.

Vis

Vel kva for element i hovudvindauget til LibreOffice Calc som skal visast. Du kan også visa eller gøyma markering av verdiar i tabellen.

Rekn ut

Vel innstillingar for utrekningane i rekneark. Vel kva reknearka skal gjera med gjentekne referansar, datoinnstillingar, talet på desimalplassar og om det skal skiljast mellom store og små bokstavar når du søkjer i reknearket.

Formel

Definerer innstillingar for formelsyntaksen og innstillingane for innlasting for LibreOffice Calc.

Sorteringslister

Alle sjølvvalde lister vert viste i dialogvindauget Sorteringslister. Du kan også definera og redigera dine eigne lister. Berre tekst kan brukast som sorteringslister, ikkje tal.

Endringar

Dialogvindauget Endringar inneheld ulike alternativ for korleis dei registrerte endringane skal uthevast i dokument.

Kompatibilitet

Definerer kompatibilitetsinnstillingar for LibreOffice Calc.

Rutenett

Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.

Skriv ut

Bestemmer skrivarinnstillingane for rekneark.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.