Rutenett

Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Writer / LibreOffice Calc / LibreOffice Writer/Web → Rutenett


Rutenett

Fest til rutenettet

Vel om berre rammer, teikneelement og kontrollelement skal flyttast mellom rutenettpunkta. For å endra status for festenettet berre for den gjeldande økta, dra objektet medan du samstundes held nede .

Vis rutenett

Bestemmer om rutenettet skal visast eller ikkje.

Oppløysing

Vassrett

Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på X-aksen.

Loddrett

Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på Y-aksen.

Inndeling

Vassrett

Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.

Loddrett

Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.

Synkroniser ark

Vel om du vil endra dei gjeldande rutenettinnstillingane symmetrisk. Oppløysinga og inndelingane på X- og Y-aksen vert ikkje endra.

Set fargen for rutenettet i - LibreOffice - Programfargar.