LibreOffice Writer/Web
Vel grunninnstillingane for LibreOffice-dokument i HTML-format.
Vis
Vel standardinnstillingar for å visa objekt i tekstdokumentet og standardinnstillingar for vindaugselement.
Formateringsstøtte
Vel vising av visse teikn og direkte skrivemerke i tekst- og HTML-dokument i LibreOffice.
Rutenett
Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.
Bakgrunn
Vel bakgrunnen i HTML-dokument. Bakgrunnsvalet gjeld for både nye HTML-dokument og for dei du lastar ned, så lenge desse ikkje har definert sin eigen bakgrunn.