Formateringsstøtte

Vel vising av visse teikn og direkte skrivemerke i tekst- og HTML-dokument i LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer / LibreOffice Writer/WebFormateringsstøtte


Vising av

Vel kva for formateringsteikn som skal visast på skjermen. Trykk på symbolet Formateringsmerke på verktøylinja Standard. Alle teikna du har vald under Formateringsstøtte vert då viste.

Avsnittsslutt

Vel om avsnittsgrensene skal visast. Avsnittsgrensene inneheld også informasjon om avsnittsformatet.

Mjuke bindestrekar

Vel om mjuke bindestrekar skal visast. Dette er gøymde sjølvvalde skiljeteikn som du legg inn i eit ord ved å trykkja . Ord med mjuke bindestrekar vert berre delte på slutten av ei linje der skiljeteiknet er lagt inn, uavhengig av om automatisk orddeling er slått på eller av.

Mellomrom

Bestemmer om kvart mellomrom i teksten skal representerast av ein prikk.

Harde mellomrom

Vel om harde mellomrom skal visast som grå boksar. Harde mellomrom vert ikkje brotne på slutten av ei linje og kan leggjast inn med snøggtastane .

Tabulatorar

Gjer at tabulatorar vert viste som små piler.

Linjeskift

Viser alle linjeskifta som er sette inn med snøggtastane Shift + Enter. Desse linjeskifta lagar ei ny linje, men ikkje eit nytt avsnitt.

Gøymd tekst

Vel om tekst som brukar teiknformatet «gøymd» skal visast når Vis → Formateringsteikn er slått på.

Felt: Gøymd tekst (ikkje for HTML-dokument)

Viser tekst som er gøymd med vilkårstekst eller gøymd tekst-felt.

Felt: Gøymde avsnitt (ikkje for HTML-dokument)

Dersom du har sett inn tekst med feltet Gøymt avsnitt, vel du her om du vil visa det gøymde avsnittet. Dette valet har den same funksjonen som menyvalet , som er tilgjengeleg i alle tekstdokument.

Direkte skrivemerke (ikkje for HTML-dokument)

Vel eigenskapane til direkte skrivemerke.

Direkte skrivemerke

Slår på det direkte skrivemerket. Du kan også slå på denne funksjonen ved å trykke på Slå direkte skrivemerke av/på på verktøylinja ved å velja Rediger → Modus for direkte skrivemerke i eit tekstdokument.

Set inn (ikkje for HTML-dokument)

Vel innstillingar for innsetjing av det direkte skrivemerket. Dersom du trykkjer ein stad i dokumentet, kan eit nytt avsnitt verta sett inn på akkurat denne staden. Eigenskapane til dette avsnittet er avhengige av kva som er vald her. Dette er det du kan velja mellom:

Avsnittsjustering

Justerer avsnittet når du bruker det direkte skrivemerket. Avhengig av kvar i dokumentet du klikkar med musa, vert avsnittet formatert anten som venstrejustert, midtstilt eller høgrejustert. Skrivemerket før museklikket viser, i form av ein trekant, kva for justering som vert brukt.

Venstre avsnittsmarg

>Når du bruker det direkte skrivemerket, vert avsnittsinnrykket til venstre sett på den staden der du klikkar med musa. Avsnittet vert då venstrejustert.

Tabulatorar

Når du bruker det direkte skrivemerket, vert det set inn så mange tabulatorar som nødvendig i det nye avsnittet, fram til punktet du valde er nådd.

Tabulatorar og mellomrom

Når du bruker det direkte skrivemerket, vert det sett inn ei høveleg mengd tabulatorar og mellomrom i det nye avsnittet, fram til punktet du valde er nådd.

Merknadsikon

Alle val for innsetjing gjeld berre for det gjeldande avsnittet som er laga med det direkte skrivemerket.


Verna område - slå på markøren

Gjer at du kan setja markøren inn i eit verna område, men du kan ikkje gjera endringar.