Tabell
Definerer innstillingane for tabellar i tekstdokument.
Vel standardinnstillingar for rader og kolonnar og tabellmodus, i tillegg til standardverdiar for flytting og innsetjing av rader og kolonnar. For meir informasjon, sjå Redigera tabellar med tastaturet i hjelpa for LibreOffice Writer.
Standard
Vel standardar for alle nyleg oppretta tabellar i tekstdokument.
Overskrift
Bestemmer at den første rada i tabellen skal formaterast med avsnittsstilen «Tabelloverskrift».
Gjenta på kvar side
Bestemmer om tabelloverskrifta skal setjast inn øvst på den nye sida etter eit sideskift.
Ikkje del (ikkje i HTML-dokument)
Hindrar at tabellane vert delte opp av ei tekstbryting, same kva type dette er. Du kan også finna denne innstillinga i hovudmenyen under Tabellar → Tabellinnstillingar → Tekstflyt.
Kantlinje
Gjer at tabellcellene som standard har ein kant.
Inndata i tabellar
Talgjenkjenning
Gjer at tal i ein teksttabell vert oppfatta og formatert som tal. Tabellceller i LibreOffice Writer kan kjenda igjen eit tal når det er i eitt av talformata brukte i kategoriane tal, prosent, valuta, dato, klokkeslett, vitskapleg, brøk eller boolsk.
Tal som programmet kjenner igjen vert viste med standardformatet for tabellcellene og celleformatet vert sett til den kategorien talet er gjenkjend som. Viss talet for eksempel er oppfatta å vera ein dato, vert celleformatet sett til dato. Du kan setja cella til eit bestemt talformat, for eksempel at ein dato skrive inn som 8/3/2018 skal visast som «torsdag 8. mars 2018» når celleformatet er sett til «fredag 31. desember 1999» i dialogvindauget «Talformat».
Dato- og klokkeslett-tal som vert kjende igjen, vert omforma til interne dato- og klokkeslett-serieverdiar. Prosenttal vert omforma internt til talverdiar. Boolske verdiar vert omforma internt til 0 eller 1.
Når ei innskriving ikkje kan kjennast igjen som talverdi, vert talkategorien sett til Tekst og innskrivinga vert ikkje endra.
Viss Talgjenkjenning ikkje er valt, vert tal lagra i tekstformat og vert då automatisk venstrejusterte.
Gjenkjenning av talformat
Viss det ikkje er merkt av for Talformatgjenkjenning, vil berre innskrivingar i det formatet cella er sett til verta godkjende. Alle andre innskrivingar set formatet til Tekst.
Dersom ei celle for eksempel inneheld ein datoverdi og celleformatet er sett til dato, vil ei innskriving av ein prosentverdi setja celleformatet til Tekst og prosentverdien vert ikkje oppfatta som eit tal.
Når Talformatgenkjending er markert, vil innskrivne tal setja celleformatet til det formatet som er gjenkjenneleg.
Justering
Gjer at tal alltid vert justerte nede til høgre i cella. Viss dette ikkje er merkt, vert tal alltid justerte oppe til venstre i cella.
Direkte formatering vert ikkje påverka av valet Justering. Dersom du midtstiller celleinnhaldet direkte, vil det framleis vera midtstilt uansett om det er tekst eller tal i det.
Tastaturhandtering
Flytt celler
Vel standardinnstillingar for flytting av rader og kolonnar med tastaturet.
Rad
Gjev verdien som skal brukast for å flytta ei rad.
Kolonne
Gjev verdien som skal brukast for å flytta ein kolonne.
Set inn celle
Vel standardinnstillingane for å setja inn rader og kolonnar med tastaturet.
Rad
Gjev standardverien for å setja inn rader.
Kolonne
Gjev standardverien for å setja inn kolonnar.
Oppførsel til rader/kolonnar
Vel korleis heile tabellen og rader og kolonnar i nærleiken vert påverka når nye rader eller kolonnar vert sette inn, eller andre rader eller kolonnar vert flytte.
Fast
Vel om endringane i ei rad eller ein kolonne berre skal påverka området ved sida av.
Fast, proporsjonal
Vel om endringar i ei rad eller ein kolonne skal gjelda for heile tabellen.
Variabel
Bestemmer om endringar i ei rad eller ein kolonne skal påverka storleiken på tabellen.