Skriv ut

Vel utskriftsinnstillingar for eit tekst- eller HTML-dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice Writer / LibreOffice Writer/WebSkriv ut


Merknadsikon

Utskriftsinnstillingane på denne fana gjeld for alle seinare utskrivingar til du endrar innstillingane igjen. Dersom du berre vil endra innstillingane for den gjeldande utskrivinga, brukadialogvindauget Fil → Skriv ut.


Innhald

Vel kva dokumentinnhald som skal skrivast ut.

Bilete og objekt

Vel om bilete i tekstdokumentet skal skrivast ut.

Kontrollelement for skjema

Vel om skjemakontrollfelt i tekstdokumentet skal skrivast ut.

Sidebakgrunn

Vel om fargar og objekt som er sette inn i bakgrunnen på sida (Format → Side → Bakgrunn) skal skrivast ut.

Utskrift i svart

Vel om teksten alltid skal skrivast ut i svart.

Gøymd tekst

Vel dette for å skriva ut tekst som er gøymd. Dette gjeld for tekst som er formatert som gøymd under Format → Teikn → Skrifteffektar → Gøymd, og for tekstfelta «Gøymd tekst» og «Gøymde avsnitt».

Plasshaldar for tekst

Vel dette for å skriva ut plasshaldarar for tekst. Slå av dette for å utelata plasshaldarar frå utskrifter.Plasshaldarar for tekst er felt.

Sider

Vel utskriftsrekkjefølgje for LibreOffice Writer-dokument med fleire sider.

Venstresider (ikkje for HTML-dokument)

Vel om alle venstresidene (oddetalssidene) i tekstdokumentet skal skrivast ut.

Høgresider (ikkje for HTML-dokument)

Vel om alle høgresidene (oddetalssidene) i tekstdokumentet skal skrivast ut.

Brosjyre

Vel Brosjyre for å skriva ut dokumentet i brosjyreformat. Brosjyreformatet er slik i LibreOffice Writer:

Dersom du skriv ut ei ståande side med liggjande format, vert to motsette sider i ein brosjyre skrivne ut ved sida av kvarandre. Dersom skrivaren din kan skriva ut på begge sider av arket, kan du laga ein heil brosjyre av dokumentet utan at du må lima saman sidene etterpå. Dersom skrivaren din berre kan skriva ut på den eine sida av arket, kan du oppnå det same ved å først skriva ut framsidene med valet «Framsider / høgresider / oddetalssider» og deretter setja inn att alle papira i skrivaren og skriva ut baksidene med valet «Baksider / venstresider / partalssider».

Frå høgre til venstre

Vel dette for å skriva ut sidene i brosjyren i rett rekkjefølgje for språk som vert skrivne frå høgre til venstre.

Merknadar

Bestemmer om merknadar i dokumentet skal skrivast ut.

Anna

Skriv ut automatisk innsette tomme sider

Viss dette er vald, vert automatisk innsette tomme sider skrivne ut. Dette er det beste viss du skriv ut på begge sider av arka. For eksempel kan ein avsnittsstil for kapittel i ei bok vera sett til å alltid byrja med ei oddetalsside. Dersom det førre kapittelet sluttar på ei oddetalsside, set LibreOffice inn ei tom partalsside. Dette valet styrer om denne partalssida skal skrivast ut eller ikkje.

Papirskuff frå skrivaroppsettet

For skrivarar med fleire papir skuffar betyr «Papirskuff frå skrivaroppsettet» at papirskuffen vert vald av skrivaroppsettet i datamaskinen.

Faks

Vel ei faksmaskin her dersom du har installert programvare for bruk av faks på maskina og vil kunna senda faks rett frå tekstdokumentet.