Grunnskrifter

Innstillingane for dei grunnleggjande skrifttypane i dokumenta dine.

Du kan også endra grunnskriftene for asiatisk og kompleks tekst dersom det er slått på språkstøtte for dei i → Språkinnstillingar → Språk.

Desse innstillingane oppgjev grunnskrifter for dei førehandsdefinerte malane. Du kan også endra eller tilpassa standardmalane for tekst.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Enkle skrifttypar (vestleg)

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer → Grunnskrifter (asiatiske). (Berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er slått på.)


Grunnskrifter

Standard

Vel kva skrift som skal brukast i avsnittsstilen Standard. Denne skrifta vert brukt i nesten alle avsnittsstilar, utanom der avsnittsstilen utrykkeleg oppgjev ei anna skrift.

Storleik

Vel skriftstorleik.

Overskrift

Angjev skrifta som skal brukast i overskrifter.

Liste

Bestemmer kva for skrifttypar som skal brukast i lister og nummerering og stilar som er baserte på desse.

Når du vel for å formatera avsnitt med tal eller punktteikn i eit tekstdokument, vil programmet bruka desse avsnittsstilane automatisk.

Bilettekst

Bestemmer kva skrifttype som skal brukast i bilettekstar i bilete og tabellar.

Register

Vel kva skrift som skal brukast i register, stikkordlister og innhaldslister.

Standard

Still dei verdiane som er synlege i dialogboksen tilbake til standfardverdiane.

Åtvaringsikon

Det vert ikkje spurd om stadfesting før standardinnstillingane vert lesne inn.