Vis

Vel standardinnstillingar for å visa objekt i tekstdokumentet og standardinnstillingar for vindaugselement.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOffice Writer / LibreOffice WebVis.


Festelinjer

Vel innstillingar som gjeld attgjeving av ytterkantar.

Hjelpelinjer under flytting

Viser hjelpelinjer rundt rammene når dei vert flytt. Du kan velja innstillinga Hjelpelinjer under flytting for å visa den nøyaktige plasseringa av objektet ved hjelp av linjalverdiane.

Vis

Vel om rullefelt og linjalar skal visast.

Vassrett linjal

Vis den vassrette linjalen. Vel måleeining i lista.

Loddrett linjal

Vis den loddrette linjalen. Vel måleeining i lista.

Høgrejustert

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Juster den loddrette linjalen med den høgre kanten.

Jamn rulling

Vel denne for å slå på mjuk siderulling. Rullefarten heng saman med området og fargedjupna.

Vis

Vel kva element som skal visast i dokumentet.

Bilete og objekt

Vel om grafikken og objekta skal visast på skjermen. Dersom desse elementa er gøymde, ser du tomme rammer som plasshaldarar.

Du kan også kontrollera biletvisinga gjennom knappen Bilete og diagram. Dersom eit tekstdokument er ope, finn du knappen på verktøylinja Verktøy.

Merknadsikon

Viss det ikkje er kryssa av for Bilete og objekt, vert ingen bilete lasta inn frå Internett. Bilete i ein tabell utan oppgjeven storleik kan føra til problem dersom det er brukt ein eldre HTML-standard på den aktuelle sida.


Tabellar

Vis tabellane i dokumentet.

Du kan visa tabellgrensene ved å høgreklikka på ein tabell og velja Tabellgrenser, eller velja Tabell → Tabellgrenser i eit Writer-dokument.

Teikningar og kontrollfelt

Vis teikningane og kontrollane i dokumentet.

Feltkodar

Vis feltnamna i dokumentet i staden for innhaldet i felta. Du kan òg velja Vis → Feltnamn i eit tekstdokument.

Innhald

Viser merknadar. Klikk på ein merknad for å redigera teksten. Bruk lokalmenyen i Navigator for lokalisera eller sletta ein merknad. Bruk lokalmenyen for merknaden for å sletta denne merknaden eller alle merknadane til denne forfattaren.

Innstillingar (berre for HTML-dokument)

Måleeining (berre for HTML-dokument)

Vel eininga for HTML-dokument.