Tryggleik

Vel tryggleiksinnstillingar for å lagra dokument, for nettilkoplingar og for å opna dokument som inneheld makroar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Tryggleik


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Tryggingsinnstillingar og åtvaringar

Opnar dialogvindauget «Tryggleiksval og åtvaringar».

Passord for nettilkoplingar

Du kan oppgje eit hovudpassord for snøgt å få tilgang til sider som krev brukarnamn og passord.

Lagra passord for tilkopling til Internett fortløpande

Vel at LibreOffice skal lagra alle passorda som du bruker for å få tilgang til filer på vevtenarar på ein trygg måte. Du kan seinare henta fram passorda frå ei liste ved å skriva inn hovudpassordet.

Verna med eit hovudpassord (tilrådd)

Merk av for å verna alle tilkoplingspassorda med eit hovudpassord.

Hovudpassord

Opnar dialogvindauget Oppgje hovudpassord.

Vis passord

Du vert spurd om hovudpassordet. Dersom du oppgjev det rette passordet, vert dialogvindauget Lagra informasjon om nettilkopling opna.

Dialogvindauget Lagra informasjon om nettilkopling viser ei liste over nettstader og brukarnamn som du tidlegare har brukt. Du kan velja og fjerna oppføringar på lista. Du kan også sjå passorda for dei ulike oppføringane.

Makrotryggleik

Tilpass tryggleiksnivået for køyring av makroar og vel makroutviklarar du stolar på.

Makrotryggleik

Opnar dialogvindauget for Makrotryggleik.

TSA-ar

Gjev deg høve til å bruka ei liste med nettadresser til Time Stamping Authority (TSA). TSA sender ut digitalt signerte tidsstempel (RFC 3161) som det er valfritt å bruka i signert PDF-eksport.

TSA-ar

Opnar dialogvindauget for Time Stamping Authority URLs.