Mellomtenar

Mellomtenarar for å få tilgjenge til Internett kan setjast opp manuelt dersom dette er nødvendig.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Internett → Mellomtenar


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Innstillingar

Vel innstillingar for mellomtenaren.

Mellomtenar

Vel definisjonstypen for mellomtenarar.

Ingen

Bruker Internett utan ein mellomtenar. Lèt deg setja opp ei tilkopling direkte på datamaskina di til ein nettleverandør som ikkje brukar mellomtenar.

Manuelt

Lèt deg leggja inn mellomtenaren manuelt. Vel mellomtenar etter kva for Internett-teneste du vil bruka. Spør systemadministratoren om kva for mellomtenar og port som skal brukast.

Tipsikon

Skriv tenarnamna utan protokollprefikset. Skriv til fømes www.mellomtenar.no, og ikkje http://www.mellomtenar.no.


System

På Windows eller UNIX-system som bruker GNOME eller KDE, ber dette valet LibreOffice om å bruka systeminnstillingane. Du må starta om att LibreOffice for at denne innstillinga skal takast i bruk.

HTTP-mellomtenar

Skriv inn namnet på mellomtenaren for HTTP. Skriv inn porten i feltet til høgre.

HTTPS-mellomtenar

Skriv inn namnet på mellomtenaren for HTTPS. Skriv inn porten i feltet til høgre.

FTP-mellomtenar

Skriv inn namnet på mellomtenaren for FTP. Skriv inn porten i feltet til høgre.

Ingen mellomtenar

Vel namna på dei tenarane som ikkje treng ein mellomtenar. Namna er skilde med semikolon. Dette er tenaradresser i det lokale nettverket, og for eksempel tenarar som vert brukte til direkteoverføring av video og lyd.

Du kan også bruka plasshaldarar for namn på vertar og domene. For eksempel kan du skriva *.mellomtenar.no for å finna alle vertane på domenet mellomtenar.no som ikkje har nokon mellomtenar.

Skriv inn kva port mellomtenaren bruker. Øvste moglege verdi for eit portnummer er 65535.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.