Tilgjenge

Vel innstillingar som kan gjera LibreOffice-programma meir tilgjengelege for brukarar som er syns- eller rørslehemma, eller som har andre funksjonshemmingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Tilgjenge


Tilgjenge i LibreOffice

Ymse alternativ

Vel tilgjengealternativ.

Vis skrivemerket i skriveverna tekstdokument

Viser skrivemerket i skriveverna dokument.

Tillat animerte bilete

Førehandsviser animert grafikk, som for eksempel GIF-bilete, i LibreOffice.

Tillat animert tekst

Førehandsviser animert tekst, for eksempel blinking og rulling, i LibreOffice.

Val for høg kontrast

Høg kontrast er eit val i operativsystemet som endrar systemfargeoppsettet for å gjera det enklare å lesa. Du kan velja korleis LibreOffice skal bruka høgkontrast-vala i operativsystemet.

Cellegrenser og -skuggar vert alltid viste i tekstfargen når høg kontrast er slått på. Cellebakgrunnen vert då oversett.

Oppdag automatisk høgkontrast-oppsett i operativsystemet

Set LibreOffice i høgkontrastmodus når systembakgrunnen er svært mørk.

Bruk automatisk skriftfarge for skjermvising

Viser skrifter i LibreOffice med fargeinnstillingane til systemet. Dette påverkar berre visinga på skjermen.

Bruk systemfargane i førehandsvising

Bruker operativsystemet sine innstillingar for høg kontrast til førehandsvising av sider.