Utskriftsval

Vel innstillingar for skrivaroppsett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice→ Skriv ut


Skriva ut raskare med reduserte data

Reduser utskriftsdata

Du kan redusera datamengda som vert send til skrivaren. Ved å gjera dette, aukar du utskriftsfarten fordi utskriftsfilene er mindre. Dette gjer utskrift på skrivarar med lite minne enklare, men du kan risikera litt dårlegare utskriftkvalitet.

Innstillingar for

Vel om utskriftsinnstillingane skal gjelda for direkte utskrift til skrivaren eller for utskrift til ei fil.

Reduser gjennomsikt

Vel om du vil at gjennomsiktige objekt skal skrivast ut på lik linje med vanlege, ikkje-gjennomsiktige objekt. Dei to neste knappane med innstillingar avgjer dette nærare.

Merknadsikon

Gjennomsikt kan ikkje sendast rett til ein skrivar. Dei områda i dokmentet der gjennomsikt skal visast må difor verta rekna som punktbilete før dei vert sende til skrivaren. Avhengig av storleiken på punktbileta og utskriftsoppløysinga, kan dette føra til ei stor datamengd.


Automatisk

Angjev at gjennomsikta berre vert skrive ut viss det gjennomsiktige området fyller mindre enn ein firedel av heile sida.

Inga gjennomsikt

Med denne innstillinga vert gjennomsikt aldri skrive ut.

Reduser bilete

Bestemmer at punktbilete vert skrive ut med redusert kvalitet. Oppløysinga kan berre gjerast mindre, ikkje større.

Utskrift i høg/normal kvalitet

Høg utskriftskvalitet svarar til ei oppløysing på 300 dpi. Normal utskriftskvalietet svarar til ei oppløysing på 200 dpi.

Oppløysing

Bestemmer høgaste utskriftskvalitet i dpi. Oppløysinga kan berre reduserast, ikkje aukast.

Ta med gjennomsiktige objekt

Viss det er merkt av i dette feltet, vil reduksjonen i utskriftskvaliteten for punktbilete også gjelda for gjennomsiktige område i objektet.

Reduser fargeovergang

Viss dette feltet er merkt, vert fargeovergangar skrive ut med redusert kvalitet.

Fargeovergang med striper

Bestemmer det høgste talet på fargeovergangsstriper ved utskrift.

Mellomnyanse

Gjer at fargeovergangar vert skrivne ut einsfarga i ein mellomliggjande farge.

Gjer fargane om til gråtonar

Gjer at alle fargar vert skrivne ut i gråtoner.

Åtvaringar ved utskrift

Definerer kva åtvaringar som skal visast før utskrivinga byrjar.

Papirstorleik

Merk denne avkryssingsboksen viss eit bestemt papirformat er nødvendig for å skriva ut det gjeldande dokumentet. Viss papirformatet ikkje er tilgjengeleg i skrivaren, vil du få ei feilmelding.

Papirretning

Merk denne avkryssingsboksen viss ein bestemt papirretning er nødvendig for å skriva ut det gjeldande dokumentet. Viss formatet ikkje er tilgjengeleg i skrivaren, vil du få ei feilmelding.

Gjennomsikt

Merk av i denne avkryssingsboksen om du ønskjer å verta åtvara viss dokumentet inneheld gjennomsiktige objekt. Når eit slikt dokument vert skrive ut, vil du få opp eit dialogvindauge der du kan velja om gjennomsikta skal skrivast ut eller ikkje.