Vis

Bestemmer innstillingane for vising.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Vis


Brukargrensesnitt

Symbolstorleik på verktøylinjene

Vel visingsstorleik for knappar på verktøylinja.

Symbolstorleik på sidepanelet

Bestemmer storleiken på symbola på sidepanelet.

Symbolstorleik på notisblokklinja

Bestemmer storleiken på symbola på notisblokklinja.

Symbolstil

Vel stilen for symbola i verktøylinjer og dialogvindauge.

Mus

Musplassering

Vel om, og i tilfelle korleis, musepeikaren skal plasserast når du opnar eit dialogvindauge.

Den midtre museknappen

Vel kva funksjon den midtre museknappen skal ha.

  1. Automatisk rulling – dersom du dreg medan den midtre museknappen er trykt inn, vert visinga endra.

  2. Lim inn frå utklippstavla – dersom du trykkjer på den midtre museknappen, vert innhaldet på «utvalsutklippstavla» limt inn der skrivemerket er plassert.

«Utvalstavla» er uavhengig av den vanlege utklippstavla som du brukar med Rediger → Kopier / Klipp ut / Lim inn eller snøggtastane til desse funksjonane. Utklippstavla og utvalstavla kan ha ulikt innhald samtidig.

Utklippstavla

Utvalstavla

Kopier innhald

Rediger → Kopier eller Ctrl + C.

Merk tekst, tabell, objekt.

Lim inn innhaldet

«Rediger → Lim inn» eller «Ctrl + V» limar inn der skrivemerket er plassert.

Eit klikk på den midtre museknappen limer inn der skrivemerket er plassert.

Lime inn i eit anna dokument

Har ingen effekt på innhaldet i utklippstavla.

Det sist merkte utvalet er innhaldet på utvalstavla.


Biletvising

Tipsikon

Trykk Shift + Ctrl + R for å gjenoppretta eller oppdatera visinga av dokumentet.


Bruk maskinvareakselerasjon

Bruker maskinvarefunksjonar direkte frå grafikkortet for å betra skjermvisinga. Støtta for maskinvareakselerasjon er ikkje tilgjengeleg for alle operativsystem og plattformdistribusjonar av LibreOffice.

Bruk kantutjamning

Dersom det er støtta, kan du slå av og på kantutjamning på bilete. Når det er på, vil dei fleste typar bilete sjå jamnare og mindre kunstige ut.

Bruk OpenGL for all teikning (etter omstart)

Bruk Open Graphics Library (OpenGL) for høg yting for å laga alle visuelle element i programmet, også vindauge, menyar, verktøylinjer og symbol. OpenGL brukar datamaskinen sitt utstyr for å gjera teikninga av skjermbiletet raskare. Dersom eininga er svartelista (sjå nedanfor), vert denne funksjonen ikkje slått på.

Tving bruk av OpenGL sjølv om rutinen er svartelista (ved omstart)

Tvingar utstyret til å bruka OpenGL sjølv om rutinen er svartelista. Utstyr vert svartelista dersom det inneheld mange feil eller lagar grafikk i dårleg kvalitet.

Meny

Symbol i menyar

Viser symbola ved sida av den tilsvarande menyoppføringa. Vel mellom «automatisk», «gøym» og «vis». I «automatisk» vert visinga av symbola styrt av systeminnstillingane og tema.

Skriftlister

Førehandsvis skrifter

Viser namna på skrifttypar som kan veljast saman med den aktuelle skrifta. Dette gjeld for eksempel skrifter i boksen «Skrif» på verktøylinja Formatering.