Generelt

Inneheld generelle innstillingar for LibreOffice.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice → Generelt


Hjelp

Vel innstillingar for den installerte hjelpa.

Utvida tips

Viser hjelpetekstar når du kviler skrivemerket over eit ikon, ein menyfunksjon eller eit val i eit dialgovindauge.

Dialogvindauge for opning og lagring

Bruk dialogvindauge frå LibreOffice

Vel om LibreOffice sine dialogvindauge skal brukast for å opna og lagra dokument. Elles vert operativsystemet sine brukte.

Dialogvindauga frå LibreOffice for opning og lagring av dokument er omtalt i «Hjelp for LibreOffice Help».

Dokumentstatus

Utskrift set dokumentstatus til «endra»

Vel om dokumentet skal reknast som endra når det vert skrive ut. Når dette altenativet er merkt av, får du spørsmål om å lagra endringar kvar gong du lukkar dokumentet. Utskriftsdatoen vert då skriven inn i dokumenteigenskapane som ei endring.

År (to siffer)

Vel kva datoområde systemet skal kjenna att tosifra årstal frå.

I LibreOffice vert årstal oppgjevne med fire siffer, slik at skilnaden mellom 1/1/99 og 1/1/01 er to år. Denne innstillinga, som heiter År (to siffer), lèt deg velja til kva årstal det skal reknast frå 2000-talet. For å illustrera dette, vil oppføringa «1/1/20» verta attkjend som 1/1/2020 i staden for 1/1/1920 dersom du vel «1/1/30».

Hjelp til å gjera LibreOffice betre

Samla inn brukardata og send dei til The Document Foundation

Send brukardata for å hjelpa The Document Foundation med å forbetra bruken av programmet. Programutviklarane er interessert i opplysningar om bruksmønsteret for LibreOffice. Desse dataane hjelper til med å forbetra bruken av programma ved å identifisere dei mest brukte kommandosekvensane ved vanleg bruk. Dette gjer at programmerarane kan lage eit brukargrensesnitt som er enklare og betre å bruke. Brukardataane vert sende anonymt og utan noko av dokumentinnhaldet, berre kva kommandoar som er brukte.