Farge

Her kan du velja ein farge frå ein fargetabell, endra fargen eller definera ein ny farge.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Område → Fargar


Fargar

Palett

Viser namnet til ein vald palett. Du kan velja ein annan palett her.

Fargesett

Inneheld ei liste over tilgjengelege fargar. Klikk på ein farge for å velja han.

Tidlegare brukte fargar

Viser dei 12 sist brukte fargane. Når du vel ein ny farge vert han føydd til på venstre side i lista. Dersom lista er full, vert fargen lengst til høgre sletta.

Legg til

Legg til ein ny farge i den tilpassa paletten.

Slett

Slettar den merkte fargen utan å spørja om du vil dette.

Merknadsikon

Du kan berre sletta fargar frå den brukardefinerte paletten.


Ny

Viser ei førehandsvising av fargen som vert vald frå paletten og dei endringane du lagar med styreelementa nedanfor.

R

Fargekoden for den raude komponenten i fargen. Moglege verdiar er frå 0 til 255.

G

Fargekoden for den grøne komponenten i fargen. Moglege verdiar er frå 0 til 255.

B

Fargekoden for den blå komponenten i fargen. Moglege verdiar er frå 0 til 255.

Heksadesimal

Fargekoden for fargen uttrykt som heksadesimal verdi.

Plukk

LibreOffice let deg definera dine eigne fargar i todimensjonal grafikk og eit nummerisk fargeovergangskart frå dialogvindauget Vel farge.