Rediger modul
Innstillingar
Vel språk og tilgjengeleg stavekontroll, orddeling og synonymordliste for undermodulane du har valt. Du kan ordna undermodulane etter prioritet.
-
Vel eit språk frå Språk-lista.
-
Merk alle modular som skal takast i bruk for dette språket under overskriftene stavekontroll, orddeling og synonymordliste.
-
Når meir enn éin undermodul er tilgjengeleg for eit område, vert dei brukte i den rekkjefølgja dei er opplista i. Du kan endra denne ved å bruka knappane Flytt opp og Flytt ned.
-
Berre éin undermodul kan takast i bruk under orddeling.
Språk
Vel språket til modulen.
Dette gjeld for alle felta for språkval i LibreOffice:
Det er eit kryss framfor ei språkoppføring dersom ho er aktivert for dette språket.
Flytt opp
Aukar prioriteten til modulen som er vald i lista med eitt nivå.
Flytt ned
Senkar prioriteten til modulen som er vald i lista med eitt nivå.
Tilbake
Trykk her for å gjera om dei noverande endringane i lista.