Skrivestøtte

Vel eigenskapar for stavekontroll, synonymordbok og orddeling.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Språkinnstillingar → Skrivestøtte


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Tilgjengelege språkmodular

Inneheld dei installerte språkmodulane.

Ein språkmodul kan innehalda éin, to eller tre undermodular. Desse er stavekontroll, orddeling og synonymordliste. Kvar undermodul kan vera tilgjengeleg på eitt eller fleire språk. Dersom du kryssar av for ein modul, tek du i bruk alle undermodulane samtidig. Dersom du fjernar avkryssinga, tek du alle modulane ut av bruk samtidig. Dersom du vil ta dei enkelte undermodulane i bruk eller ut av bruk, trykkjer du på Rediger-knappen for å opna dialogvindauget Rediger modular.

Merknadsikon

Oppsettet gjer det mogleg å bruka to ulike mapper, éi der brukaren har skrivetilgang, og éi der han berre har lesetilgang. Brukaren kan berre redigera og sletta dei eigendefinerte ordlistene som ligg i mappa han har skrivetilgang i. Dei andre ordlistene kan han berre lesa.


Rediger

Du kan redigera ein språkmodul ved å merkja han og klikka på Rediger. Dialogvindauget Rediger Modular kjem då fram.

Eigendefinerte ordlister

Vis ei liste over dei tilgjengelege brukarordlistene. Merk av for dei eigendefinerte ordlistene du vil bruka til stavekontroll og orddeling.

Ny

Opnar dialogvindauget Ny ordliste der du kan namngje ei ny brukardefinert ordliste eller ei ordliste med unntak og velja språket for ordlista.

Ny ordliste

I Ordliste-området kan du skriva inn namn på den nye eigendefinerte ordlista eller lista over unntak, og velja språk.

Namn

Bestemmer namnet på den nye, tilpassa ordlista. Filendinga «*.DIC» vert lagt til automatisk.

Språk

Ved å velja eit bestemt språk kan du avgrensa bruken av eigendefinert ordliste. Vel du Alle, vert ordlista brukt uavhengig av det gjeldande språket.

Unntak (-)

Angjev om vil unngå bestemte ord i dokumenta dine. På denne måten kan du laga ei brukarordliste med alle orda som skal unngåast. Viss denne unntaksordlista er slått på ved stavekontrollen, vil du få ei melding viss du skriv eit ord som skal unngåast.

Rediger

Opnar dialogvindauget Rediger brukarordlista. Her kan du leggja til nye ord eller redigera eksisterande oppføringar.

I dialogvindauget Rediger sjølvvald ordliste kan du leggja til nye ord eller redigera dei som ligg der frå før. Dersom du redigerer ei unntaksordliste, har vindauget ein ekstra funksjon for å oppgje unntak. Ved stavekontroll vert eventuelle alternativ viste som framlegg.

Når du redigerer ei ordliste, vert filstatusen kontrollert. Dersom fila er skriveverna, kan ho ikkje endrast. Knappane Ny og Slett vil då ikkje verka.

Bok

Viser kva bok som skal redigerast.

Lista IgnoreAllList [Alle] har med alle orda som har vorte merkte med Ignorer under stavekontrollane. Denne lista er berre gyldig for den gjeldande stavekontrollen.

Merknadsikon

Lista IgnoreAllList kan verken veljast eller slettast. Berre orda ho inneheld kan verta sletta. Dette skjer automatisk når du avsluttar LibreOffice.


Språk

Legg eit nytt språk til den gjeldande brukarordlista.

Ord

Du kan skriva inn eit nytt ord som skal leggjast til i ordlista. Lista nedanfor viser innhaldet i den gjeldande brukarordlista. Viss du vel eit ord frå denne lista, vert det vist i tekstfeltet. Skriv du inn eit ord og avsluttar med «=», som «Autoretting=», vert dette ordet aldri delt automatisk og det kjem heller ikkje opp forslag til orddeling. Skriv du inn «Auto=retting», vert ordet delt, eller føreslått delt, der likskapsteiknet (=) er sett inn.

Du kan bruka ei []-blokk i staden for = for å bestemma teiknendringar før orddelinga. Moglege teiknendringar er: (1) Setja inn ekstra teikn, for eksempel vil «vas[s]stamp» gje den korrekte orddelinga «vass-stamp». (2) Fjerna så mange teikn som det innskrivne talet viser. For eksempel vil paral·[1]lel gje den korrekte orddelinga «paral- lel» av det katalanske ordet «paral·lel». Her er det tatt bort eit teikn framføre orddelinga. (3) Både fjerna og leggja til teikn. For eksempel vil cafee[2é]tje gje den korrekte orddelinga «café- tje» av det hollandske ordet «cafeetje». Her er to teikn fjerna framføre orddelinga og eitt ekstra teikn er lagt til.

Byt med eller grammatikk etter

Dette feltet er synleg berre når du redigerar ei unntakstordliste eller ei språkavhengig ordbok. I unntaksordbøkene viser feltet alternative forslag til det gjeldande ordet i tekstboksen «Ord». I ei språkavhengig tilpassa ordliste, inneheld feltet eit kjend rot-ord som modell for tilføying av det nye ordet eller korleis det kan brukast i samansette ord. I ei tysk tilpassa ordliste vil for eksempel det nye ordet «Litchi» (frukttreet litchi) med modellordet «Gummi» (tyggegummi) finna igjen «Litschis» (lychees), «Litschibaum» (lichitre), «Litschifrucht» (lichifrukt) osv.

Ny

Legg ordet i tekstfeltet Ord til i den gjeldande ordlista. Ordet i feltet Forslag vert også lagt til når du arbeider med unntaksordlister.

Innstillingar

Vel innstillingar for stavekontroll og orddeling.

Rediger

Viss du vil endra ein verdi, merk oppføringa og klikk Rediger. Det vil då koma opp eit dialogvindauge der du kan skriva inn den nye verdien.

Sjekk ord med store bokstavar

Vel at stavekontrollen skal skilje mellom store og små bokstavar.

Sjekk ord med tal

Vel at ord som både inneheld bokstavar og tal skal kontrollerast.

Sjekk spesialområde

Vel at spesialområde som for eksempel teiknetekst også vert kontrollerte.

Sjekk staving fortløpande

Utfører stavekontroll automatisk medan du skriv og set strek under feil.

Skrivefeil vert utheva med ein raud bølgjestrek. Dersom du plasserer skrivemerket over eit ord som er merkt slik, kan du opna sprettoppmenyen for å få opp ei liste over framlegg til rettingar. Vel ei av dei for å erstatta ordet. Dersom du gjer den same feilen ein gong til medan du redigerer dokumentet, vil han verta merkt med bølgjestrek att.

For å plassera ordparet i tabellen for autoretting, opnar du sprettoppmenyen for autoretting og vel Autoretting. Vel ei erstatting frå undermenyen. Ordet vert då erstatta og plassert i tabellen for autoretting.

Minste tal på teikn for orddeling

Bestemmer kor mange teikn det minst må vera for at automatisk orddeling kan brukast.

Teikn før linjeskift

Skriv inn det minste talet på teikn som må vera att på slutten av ei linje for at eit ord skal verta delt.

Teikn etter linjeskift

Skriv inn det minste talet på teikn som må komma på ei ny linje for at eit ord skal verta delt.

Del ord utan å spørja

Vel om du skal spørjast om orddeling eller ikkje. Dersom dette feltet ikkje er kryssa av, vil der dukka opp eit vindauge for å leggja til orddeling når ord ikkje vert attkjende.

Orddel spesialområde

Vel om orddeling også skal gjerast i fotnotar, topptekstar og botntekstar.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.