Stiar

Dette avsnittet inneheld standardstiar til viktige mapper i LibreOffice. Desse stiane kan redigerast av brukaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → .LibreOffice → Stiar.

Vel Verktøy → Autotekst → Sti


Stiar brukte av LibreOffice

Du kan endra ei oppføring i denne lista ved å klikka på oppføringa og deretter på Rediger, eller du kan dobbeltklikka på oppføringa.

Standard

Knappen Standard tilbakestillar dei førehandsinnstilte stiane for alle dei valde oppføringane.

Rediger

Trykk for å visa dialogvidauget Vel sti eller Rediger stiar.

Du kan endra rekkjefølgja på oppføringane ved å trykkja på linja på Type-kolonnen. Kolonnebreidda kan du endra ved å flytta kolonneskiljet med musa.

I den følgjande lista over stiar, vert ikkje stiane for dei delte mappene i installasjonsmappa for LibreOffice viste. Brukarinformasjonen for kvar brukar er lagra i {brukar}-mappa, som ligg i mappa .

Type

Sti

Skildring

Mine dokument

Standardmappa for dokument på systemet ditt

Du ser denne mappa når du først opnar dialogvindauget Opna eller Lagra.

Autoretting

I denne mappa vert tekstane dine frå autoretting lagra.

Autotekst

I denne mappa vert tekstane dine frå autotekst lagra.

Galleri

Nye galleritema vert lagra i denne mappa.

Bilete

Denne mappa vert vist når du først vel å opna eller lagra eit bilete.

Sikringskopiar

Automatiske sikringskopiar av dokument vert lagra her.

Malar

I denne mappa kan du lagra malane dine.

Mellombelse filer

Her legg LibreOffice dei mellombelse filene.

Klassifisering

LibreOffice les TSCP BAF-policy frå denne fila.