Generelt

I området Generelt kan du velja standardinnstillingar for lagring av dokument og velja standard filformat.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → Last inn/Lagra → Generelt


Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Last inn

Last inn eigne innstillingar saman med dokumentet

Lastar inn brukarinnstillingane som er lagra med dokumentet.

Dersom Last inn eigne innstillingar saman med dokumentet ikkje er avkryssa, vil likevel desse brukarinnstillingane gjelda:

Desse innstillingane vert alltid lasta inn saman med dokument, uansett om valet er kryssa av eller ikkje:

Last inn skrivaroppsett saman med dokumentet

Dersom dette er kryssa av, vil skrivaroppsettet verta Iasta inn saman med dokumentet. Dette kan gjera til at eit sokument vert skrive ut på ein fjern skrivar dersom du ikkje byter skrivar manuelt i dialogvidauget for utskrift. Dersom dette ikkje er kryssa av, vil standardskrivaren din verta brukt til å skriva ut dokumentet. Det gjeldande skrivaroppsettet vert lagra med dokumentet uansett om det er kryssa av for dette valet eller ikkje.

Lagra

Lagra dokument automatisk

Rediger dokumenteigenskapane før lagring

Vel om dialogvindauget for eigenskapar skal opnast kvar gong du vel kommandoen Lagra som.

Lag alltid ein sikringskopi

Lagrar førre versjon av eit dokument som ein tryggingskopi kvar gong du lagrar eit dokument. Kvar gong LibreOffice tek ein tryggingskopi vert den førre tryggingskopien bytt ut. Tryggingskopien får filetternamnet «.BAK».

For å endra kvar reservekopiane skal lagrast, vel → LibreOffice → Stiar og skriv inn ein ny sti for reservekopiane.

Lagra gjenopprettingsinformasjon kvart

Vel at LibreOfficeskal lagra informasjonen som trengst for å gjenoppretta alle opne dokument om maskina krasjar. Du kan velja kor lang tid det skal gå mellom kvar lagring.

minutt

Vel tidsintervall i minutt for lagring for automatisk gjenoppretting.

Lagra også dokumentet automatisk

Gjer at LibreOffice skal lagra alle opne dokument når informasjon om gjenoppretting vert lagra automatisk. Bruker det same tidsintervallet som automatisk dokumentgjenoppretting.

Lagra nettadresser som er relative til filsystemet

Med dette valet kan du velja standard for adresser som er relative til filsystemet og Internett. Relative adresser kan berre brukast dersom kjeldedokumentet og dokumentet det vert referert til ligg på same disk.

Ei relativ adresse byrjar alltid frå den mappa dokumentet ligg i. Ei absolutt adresse derimot, byrjar alltid frå ei rotmappe. Tabellen viser syntaksskilnaden mellom relative og absolutte adresser:

Eksempel

Filsystemet

Internett

relativ

../bilete/fil.jpg

../bilete/fil.jpg

absolutt

file:///c|/arbeid/bilete/fil.jpg

http://tenarenmin.no/arbeid/bilete/fil.jpg


Åtvaringsikon

Hjelpetipset viser alltid ein absolutt sti. Likevel vil LibreOffice bruka ein relativ sti dersom det er kryssa av for dette når det vert lagra i HTML-format.


Kryss her for å lagra adresser som er relative til filsystemet.

Lagra nettadresser som er relative til Internett

Kryss her for å lagra nettadresser som er relative til Internett.

Standard filformat og ODF-innstillingar

ODF-formatversjon

OpenOffice.org 3 og StarOffice 9 har nye funksjonar som berre kan lagrast i OpenDocument-formatet (ODF) versjon 1.2. Dei eldre versjonane, OpenOffice.org 2 og StarOffice 8 støttar filformata ODF 1.0/1.1. Desse eldre filformata kan ikkje lagra alle dei nye funksjonane i den nye programvaren.

Denne LibreOffice-versjonen kan opna dokument i ODF-formata 1.0/1.1 og 1.2.

Når du lagrar eit dokument, kan du velja å lagra det i formata ODF 1.2, ODF 1.2 (Utvida) eller i det gamle formatet ODF 1.0/1.1.

Merknadsikon

For tida bruker formatet ODF 1.2 (Utvida) merknadar frå Draw- og Impress-filer. Desse merknadane kan setjast inn ved hjelp av kommandoen Set inn → Merknad i den siste programversjonen. Merknadane går tapt når du lastar filene inn som tidlegare versjonar lagra frå den siste programversjonen.


Ein del firma og organisasjonar krev at dokumenta er i ODF-formatet 1.0/1.1. Du kan velja dette formatet i listeboksen. Dette eldre formatet kan ikkje lagra alle dei nye funksjonane i ODF 1.2 (Utvida), så det vert tilrådd å bruka det nyaste formatet når det er mogleg.

Modus ODF 1.2 utvida (kompatibel) er ein meir bakoverkompatibel ODF 1.2 utvida modus. Den bruker funksjonar som er gått ut i ODF1.2 og/eller er «feil-kompatibel» med eldre OpenOffice.org-versjonar. Den kan vera nyttig om du har bruk for å utveksla dokument med brukarar som bruker eldre versjonar av ODF1.2 eller ODF1.2-relaterte program.

Varsel ved lagring i andre format enn ODF eller standardformatet

Du kan velja å få ei åtvaring når du lagrar dokument i eit anna format enn OpenDocument eller eitt som du ikkje har valt som standardformat i Verktøy → Innstillingar → Last inn / lagra → Generelt.

Du kan velja kva for filformat som skal brukast som standard når du lagrar dokument av ulike typar. Dersom du alltid utvekslar dokument med personar som bruker for eksempel Microsoft Office, må du velja at LibreOffice som standard berre skal lagra i Microsoft Office-format.

Dokumenttype

Vel dokumenttypen som du vil laga eit standard filformat for.

Lagra alltid som

Vel at dokument av typen valt til venstre alltid vert lagra i dette formatet. Du kan velja eit anna filformat for dokumentet i dialogvindauget Lagra som.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.