LibreOffice

Bruk dette dialogvindauget til å laga generelle innstillingar for arbeid med LibreOffice. Informasjonen dekkjer emne som brukarinformasjon, lagring, utskrift, stiar til viktige filer og mapper og standardfargar. Desse innstillingane vert lagra automatisk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOffice


Brukarinformasjon

Her kan du skriva inn eller endra brukarinformasjon. Noko informasjon kan alt ha vorte endra av brukaren eller systemadministratoren ved installering av LibreOffice.

Generelt

Inneheld generelle innstillingar for LibreOffice.

Vis

Bestemmer innstillingane for vising.

Utskriftsval

Vel innstillingar for skrivaroppsett.

Stiar

Dette avsnittet inneheld standardstiar til viktige mapper i LibreOffice. Desse stiane kan redigerast av brukaren.

Skrifttypar

Erstattar ei skrift med skrifta du vel. Erstatninga vil berre byte ut ei skrift når ho vert vist på skjermen eller skriven ut. Skrifta som er spesifisert i dokumentformateringa vert ikkje endra.

Tryggleik

Vel tryggleiksinnstillingar for å lagra dokument, for nettilkoplingar og for å opna dokument som inneheld makroar.

Personleg tilpassing

Du kan tilpassa LibreOffice med dei same tema som er tilgjengelege for Mozilla Firefox. Det valde temaet vert vist som bakgrunn i menylinja og verktøylinjer oppe og nede.

Programfargar

Vel fargar for brukargrensesnittet i LibreOffice. Du kan lagra dei gjeldande innstillingane som fargeoppsett og lasta dei inn att seinare.

Tilgjenge

Vel innstillingar som kan gjera LibreOffice-programma meir tilgjengelege for brukarar som er syns- eller rørslehemma, eller som har andre funksjonshemmingar.

Java

Spesifiserer støttealternativ for javaprogram i LibreOffice, inkludert kva Java køyremiljø (JRE, Java Runtime Environment) som skal brukast. Du kan også velja å bruka eksperimentelle (ustabile) funksjonar som for eksempel makroinnspeling og bruk av avanserte oppsett.

Basic IDE

Set innstillingane for Basic IDE (Integrated Development Environment, integrert utviklingasmiljø) for å gjere redigeringa av makroar i Basic enklare.

Nettoppdatering

Set opp nokre innstillingar for automatisk varsling om og nedlasting av nettoppdateringar for LibreOffice.

OpenCL

Open CL er ein teknologi for å auke farten ved utrekning av store rekneark.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.