Innstillingar

Dette menyvalet opnar eit dialogvindauge for oppsett av programmet.

Alle endringar vert lagra automatisk. For å utvida ei oppføring, dobbeltklikkar du på henne eller trykkjer på plussteiknet. For å falda saman ei oppføring, trykkjer du på minusteiknet eller dobbeltklikkar på henne.

Merknadsikon

Berre dei oppføringane som gjeld det dokumentet som er ope vert viste. Dersom det gjeldande dokumentet er eit tekstdokument, vert oppføringa LibreOffice Writer vist. Tilsvarande gjeld for dei andre programma i LibreOffice. LibreOffice Impress og LibreOffice Draw vert handsama under eitt i dette dialogvindauget. Fellesoppføringane vert alltid viste.


For å bruka denne funksjonen …

Vel

Merknadsikon

Merknad for brukarar av mac OS: I «Hjelp» er menystien «Verktøy → Innstillingar» nemnd mange stader. Byt ut denne stien med «LibreOffice → Innstillingar» på menyen til mac OS. Begge menyoppføringane opnar dialogvindauget for innstillingar.



Knappane i dialogvindauge for innstillingar

OK

Lagra endringane gjort på sida og lukk dialogvindauget for innstillingar.

Avbryt

Lukkar dialogvindauget for innstillingar og kasser alle endringane.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Åtvaringsikon

Nokre av vala kan ikkje tilbakestillast når dei først er sett. Skriv inn det opphavlege valet manuelt eller trykk Avbryt og opna dialogvindauget på nytt.


Hjelp

Opnar hjelp for instillingssida som er vist.

LibreOffice

Bruk dette dialogvindauget til å laga generelle innstillingar for arbeid med LibreOffice. Informasjonen dekkjer emne som brukarinformasjon, lagring, utskrift, stiar til viktige filer og mapper og standardfargar.

Last inn / lagra

Set opp generelle innstillingar for innlasting og lagring.

Språkinnstillingar

Definerer eigenskapane for andre tilgjengelege språk.

LibreOffice Writer

Desse innstillingane avgjer korleis tekstdokument i LibreOffice skal handsamast. Det er òg mogleg å velja innstillingar for det gjeldande tekstdokumentet.

LibreOffice Writer/Web

Vel grunninnstillingane for LibreOffice-dokument i HTML-format.

LibreOffice Calc

Her kan du definere ulike innstillingar for rekneark som kva for innhald som skal visast og kva retning markøren skal flyttast etter datainnskriving i ei celle. Du kan også definere sorteringslister, kor mange desimalar som skal visast og innstillingar for registrering og merking av endringar.

LibreOffice Impress

Definerer ulike innstillingar for alle nye presentasjonar. Du kan angje kva innhald som skal visast, kva måleeining som skal brukast og om du vil bruka rutenett og justeringa av dette.

LibreOffice Draw

Her kan du velja innstillingar for teiknedokument. Du kan velja kva innhald som skal visast på sidene, kva målestokk som skal brukast, om du vil bruk rutenett og justering av dette og kva slag innhald som skal skrivast ut som standard.

LibreOffice Math

Definerer utskriftsformatet og utskriftsinnstillingane for alle nye formeldokument. Desse innstillingane er verksame når du skriv ut ein formel direkte frå LibreOffice Math.

LibreOffice Base

Definerer dei generelle innstillingane for datakjeldene i LibreOffice.

Diagram

Gjev dei generelle innstillingane for diagram.

Internett

Vel innstillingar for Internett.