Navigasjonslinja for skjema
Navigasjonslinja for skjema inneheld ikon for redigering av databasetabellar og styring av datavisinga. Verktøylinja vert vist nedst i dokument som inneheld felt som er knytte til ein database.
Du kan bruka navigasjonslinja for skjema til å gå fram og tilbake i postar og til å setja inn eller sletta postar. Dersom dataa er lagra i eit skjema, vert endringane overførte til databasen. Navigasjonslinja for skjema inneheld òg funksjonar for sortering, filtrering og søkjing i datapostar.
Du kan bruka navigasjonslinjeikonet på verktøylinja Fleire kontrollelement om du vil leggja til ei navigasjonslinje i eit skjema.
Navigasjonslinja vert berre vist for skjema som er knytte til ein database. Viss eit skjema vert vist i utformingsvisinga, er ikkje navigasjonslinja tilgjengeleg. Sjå òg Tabelldatalinja.
Du kan velja korleis dataa skal visast med funksjonane for sortering og filtrering. Dei opphavlege tabellane vert ikkje endra.
Sorteringsrekkjefølgja eller filteret som vert brukt, vert lagra saman med dokumentet. Dersom eit filter er brukt, er ikonet Bruk filter på Navigasjonslinja aktivt. Du kan òg velja sortering og filtrering i dialogvindauget Skjemaeigenskapar. (Vel Skjemaeigenskapar → Data → eigenskapar Sorter og Filtrer.)
Dersom eit skjema er laga ut frå ei SQL-setning (sjå Skjemaeigenskapar , fana Data → Datakjelde), vil funksjonane for filtrering og sortering berre vera tilgjengelege når SQL-setninga viser til berre éin tabell og ikkje er skriven i lokal SQL-modus.
Absolutt post
Viser kva post som er i bruk. Skriv inn eit tal for å sjå posten med dette nummeret.
Første post
Gå til første post.
Førre post
Gå til førre post.
Neste post
Gå til neste post.
Siste post
Gå til siste post.
Lagra post
Lagrar ei ny dataoppføring. Endringa vert registrert i databasen.
Angra: Innskriving
Lèt deg angra ei dataoppføring.
Ny post
Lag ein ny post.
Slett post
Slett ein post. Du vert spurd om stadfesting før slettinga.