Standardlinja

Standardlinja er tilgjengeleg i alle LibreOffice-program.

Ny

Opprettar eit nytt LibreOffice-dokument.

Ikon

Ny

Opna fil

Opnar ei lokal eller ekstern fil eller importerer ei.

Ikon

Opna fil

Lagra

Lagra dokumentet.

Ikon

Lagra

Lagra som

Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.

Ikon

Lagra som

Send dokument som e-post

Opnar eit nytt vindauge i standardprogrammet for e-post med det gjeldande dokumentet som eit vedlegg. Det oppsette filformatet vert brukt. Viss dokumentet er nytt og ikkje lagra, vil formatet som er spesifisert i → Last inn/lagre → Generelt verta brukt.

Ikon

E-postdokument

Rediger fil

Bruk knappen Rediger fil for å slå av eller på redigeringsmodus.

Ikon

Rediger fil

Eksportert som PDF

Lagrar den gjeldande fila som Portable Document Format (PDF) versjon 1.4. Ei PDF-fil kan visast og skrivast ut på alle plattformer utan å endra originalformateringa viss dei nødvendige programma er installerte.

Ikon

Eksporter direkte som PDF

Skriv ut fil direkte

Trykk på knappen skriv ut fil direkte for å skriva ut dokumentet med gjeldande standardinnstillingar for utskrift. Desse finn du i dialogvindauget Skrivaroppsett som du kan opna med menykommandoen Skrivaroppsett.

Ikon

Skriv ut fil direkte

Stavekontroll

Kontrollerar dokumentet eller den merkte teksten for stavefeil. Viss det er installert utviding for grammatikkontroll, vert det også kontrollert for grammatiske feil.

Ikon

Stavekontroll

Automatisk stavekontroll av/på

Utfører stavekontroll automatisk medan du skriv og set strek under feil.

Ikon

Automatisk stavekontroll av/på

Klipp ut

Fjernar og kopierer utvalet til utklippstavla.

Ikon

Klipp ut

Kopier

Kopierer utvalet til utklippstavla.

Ikon

Kopier

Lim inn

Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sidan av knappen for å velja format.

Ikon

Lim inn

Formatpensel

Merk noko tekst eller eit objekt og trykk på denne knappen. Klikk på eller dra over ein annan tekst, eller klikk på eit objekt, for å bruka den same formateringa.

Klikk på Clone Formatting knappen IkonStandardverktøylinja.

Ikon

Formateringspenselen

Angra

Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.

Ikon

Angra

Gjenopprett

Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angre-steget du vil gjera om att.

Ikon

Gjer om

Dialogvindauge for hyperlenkjer

Opnar eit dialogvindauge der du kan laga og redigera hyperlenkjer.

Ikon

Dialogvindauge for hyperlenkjer

Dokumentstruktur

Trykk på Vis/gøym dokumentstruktur for å gøyma eller visa dokumentstrukturen.

Ikon

Vis/gøym dokumentstruktur

Skaler og vis oppsett

Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice. Gjeldande forstørring vert vist som ein prosentverdi på statuslinja.

Ikon

Skalering

LibreOffice Hjelp

Opnar hovudsida i Hjelp for LibreOffice for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.

ikon

Hjelp for LibreOffice

Kva er dette

Slår på utvida tips under musepeikaren slik at dei vert viste til neste klikk.

Ikon

Kva er dette

Last inn nettadresse

Les eit dokument som er peika på med ei innskrive nettadresse. Du kan skriva inn ei ny adresse, redigera ei eksisterande adresse eller velja ei frå lista. Viser full sti til det gjeldande dokumentet.

Tipsikon

Gjer «Last inn nettadresse» tilgjengeleg ved å trykkja på Synlege knappar (høgreklikk på verktøylinja).