Hjelp

Frå hjelpemenyen kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.

LibreOffice Hjelp

Opnar hovudsida i Hjelp for LibreOffice for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.

ikon

Hjelp for LibreOffice

Kva er dette

Slår på utvida tips under musepeikaren slik at dei vert viste til neste klikk.

Ikon

Kva er dette

Brukarrettleiingar

Opnar dokumentasjonssida i nettlesaren der brukaren kan lasta ned, lesa eller skaffa seg brukarrettleiingar for LibreOffice.

Få hjelp på nettet

Opnar sida for brukarstøtte (på engelsk) i nettlesaren. Bruk denne sida til å spørja om bruk av LibreOffice. For profesjonell støtte med ytingsavtale besøk nettsida for page of professional LibreOffice support.

Send tilbakemelding

Opnar eit skjema (på engelsk) i nettlesaren der du kan rapportere feil i programmet.

Start på nytt i sikker modus

Sikker modus er ein modus der LibreOffice vert opna med ein ny brukarprofil og fråkopla maskinvareakselerasjon. Dette kan vere til hjelp for å gjenopprette ein installasjon av LibreOffice som ikkje fungerer.

Lisensinformasjon

Viser dialogvindauguet for lisensiering og juridisk informasjon.

LibreOffice-bidragsytarar

Viser dokumentet CREDITS.odt som inneheld namna på dei som har bidratt til kjeldekoden i OpenOffice.org (bidrag som også vart importert i LibreOffice) eller LibreOffice sidan 28.09.2010.

Sjå etter oppdateringar

Aktiver ei Internettilkopling for LibreOffice. Viss du treng ein proxytenar, sjå på LibreOffice Proxyinnstillingar i → Internett. Vel «Sjå etter oppdateringar» for å kontrollera om det er nyare versjonar av kontorpakka di tilgjengelege.

Om LibreOffice

Viser generell programinformasjon som versjonnummer og opphavsrettar.

Versjonar og utgjevingsnummer

Slå av og på utvida tips

Hjelpevindauget i LibreOffice

Tips og utvida tips

Stikkord – Søk etter stikkord i hjelp

Søk – Søk i heile teksten

Handtera bokmerke

Innhald – Hovudemna i hjelp