Laga XML-filter

Laga eit XML-filter for LibreOffice

Når du lagar eit XML-filter for LibreOffice, må du utforma eit XSLT-stilark som kan konvertera til og frå OpenDocument sitt XML-filformat.

Tipsikon

Du finn meir om OpenDocument XML-formatet på http://xml.openoffice.org/.


Viss du vil, kan du bruka ein mal saman med filteret for å leggja til LibreOffice-stilar i eit XML-dokument som du importerer.

Slik lagar du eit XML-filter

  1. Lag eit stilark for XSLT-transformering som kan tilordna elementa i det eksterne XML-formatet til elementa i OpenDocument-filformat og tilbake igjen.

  2. Lag ein mal som tildeler LibreOffice-stilar til element i det eksterne XML-formatet når du importerer ei fil i dette formatet til LibreOffice

  3. Lag eit tekstdokument i LibreOffice Writer og vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

  4. Trykk OK.

  5. Klikk på fana Generelt i dialogvindauget XML-filter og definer eigenskapane for filteret.

  1. Vel omgjeringseigenskapane for filteret på fana Omgjering.

  1. Trykk OK.

Slik testar du eit XML-filter

Du kan utføra grunnleggjande testar av eit tilpassa XML-filter i LibreOffice.

Merknadsikon

Dokumentet vert ikkje endra av desse testane.


  1. Laga eller opna eit tekstdokument.

  2. Vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

  3. Vel filteret som du vil testa i lista over filter og klikk på Test XSLT-ar.

  4. For å testa eit Eksportfilter, gjer slik i området Eksporter i dialogvindauget:

  1. For å testa eit Importfilter klikkar du på Bla gjennom i området Importer i dialogvindauget, merkjer eit dokument og klikkar på Opna.