XML-skjemadokument (XForms)
XForms er ein ny type vevskjema som er utvikla av World Wide Web Consortium. XForm-modellen er definert i Extensible Markup Lanuage (XML). Modellen bruker separate delar for å beskriva kva eit skjema gjer og korleis det ser ut. Du kan sjå spesifikasjonen for XForms på: http://www.w3.org/MarkUp/Forms/.
Arbeida med XForms
I LibreOffice er eit XForms-dokument ein spesiell type Writer-dokument. Utformingsmodus for eit XForm-dokument har ekstra verktøylinjer og felt.
Når du har laga og lagra eit XForms-dokument, kan du opna dokumentet, fylle ut skjemaet, og senda inn endringane til ein tenar.
Laga eit nytt XForms-dokument
-
Vel Fil → Ny → XML-skjemadokument.
XForms-utformingsvindauget vert opna i eit tomt Writer-dokument.
-
Utform skjemaet ditt.
-
Set inn eit kontrollelement, vel standardmodellen i eigenskapar og skriv inn eit bindingsuttrykk.
-
Legg til eit element i for eksempel datastrukturen.
-
Last inn ei ny førekomst frå ei XML-fil og legg inn kontrollelement til dei relevante XML-elementa eller attributta.
Slik opnar du eit XForms-dokument
-
Vel Fil → Opna og vel XForms-dokumentet. Eit XForms-dokument har det same filetternamnet som eit Writer-tekstdokument (*.odt).
Slik redigerer du eit XForms-dokument
Opna XForms-dokumentet og bruk desse verktøylinjene og vindauge:
-
Verktøylinja Skjemautforming
-
Verktøylinja Kontrollelement for skjema