Byta arbeidsmappe
Når du opnar eit dialogvindauge for å opna eller lagra eit dokument, viser LibreOffice først arbeidsmappa. Slik byter du til ei anna mappe:
-
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Stiar.
-
Klikk på Mine dokument og klikk på knappen Rediger eller dobbeltklikk på Mine dokument.
-
I dialogvindauget Vel sti vel du arbeidsmappa du vil bruka og trykkjer Vel.
Du kan også bruka denne metoden for å endra mappa som LibreOffice viser når du skal setja inn eit bilete. Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Stiar → Bilete og følj steg 3.