Angra direkte formatering i eit dokument

Du kan angra alle formateringar som ikkje er laga med stilar ved hjelp av nokre enkle steg.

Formatering direkte og med stilar

Dersom du formaterer eit dokument utan å bruka stilar, brukar du det vi kallar «direkte» formatering. Det vil seia at du endrar tekst eller andre objekt, for eksempel rammer eller tabellar, ved å velja ulike eigenskapar direkte. Formatet gjeld berre for det valde området, så alle endringane må gjerast kvar for seg. Stilar, derimot, vert ikkje brukte direkte i teksten, men må i staden veljast ved hjelp av stilhandsamaren før dei vert tekne i bruk. Ein av fordelane med stilar er at når du gjer endringar i ein stil, vert endringane tatt i bruk samtidig i alle delar av dokumentet der denne stilen er i bruk.

Du kan fjerna direkte formatering frå dokumentet ved å markera all tekst med snarvegen + A og deretter velja Formater → Fjern direkte formatering.

Fjerna all direkte formatering i eit LibreOffice Writer-dokument.

  1. Trykk Ctrl + A for å merkja heile teksten.

  2. Vis Format → Standardformatering.

Fjerna all direkte formatering i eit LibreOffice Calc-rekneark

  1. Du kan merkja alle arka ved å halda nede Shift medan du trykkjer på den første og den siste arkfana.

  2. Trykk Ctrl + A for å merkja heile teksten.

  3. Vis Format → Standardformatering.

Fjern all direkte formatering i ein LibreOffice presentasjon

  1. Klikk på fana Disposisjon for å opna disposisjonsvisinga.

  2. Trykk Ctrl + A for å merkja heile teksten.

  3. Vis Format → Standardformatering.