Endra tekstfargen

Klikk på pila ved sida av knappen Skriftfarge for å slå på ei verktøylinje der du kan velja ein farge.

Ikon

Skriftfarge

Ikon

Det følgjande gjeld berre for LibreOffice Writer: Viss du klikkar på knappen med eit kort klikk og ingen tekst er merkt, vert utsjånaden til musepeikaren endra til eit målingspann. Hald nede museknappen og bruk dette målingspannet for å dra på tvers av eit tekstområde. Dette tekstområdet får den valde fargen. Funksjonen er slått på så lenge knappen er nede eller til du klikkar utan å dra eller til du trykkjer på Escape.

Dette gjeld for alle program (LibreOffice Writer, Calc, Draw, Impress): Merk teksten som skal ha ein annan farge og klikk på verktøylinja på fargen du ønskjer.

Kopiera formatering med formatpenselen

Skriftfarge