Handsam malar

Malhandsamaren gjer det enkelt å handsama malar og å opna eit nytt dokument som brukar malar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel menyen Fil → Ny → Malar

Vel menyen Fil → Malar → Ordna malane

Trykk på + Shift + N i kva LibreOffice-modul som helst.

Trykk på knappen Malar i startsenteret.

Vel ein maltype ved å trykkja på knappen Malar i startsenteret.


Malane kan spare deg for mykje tid når du lagar nye dokument med ferdig utfylt innhald og formatering. Med malhandsamaren har du tilgang til malane og kan organidsera dei i LibreOffice.

LibreOffice.kjem med fleire innebygde malar (på engelsk) som kan brukast til å laga nye dokument, presentasjonar og teikningar. Du kan bruka dei malane som er tilgjengelege i malhandsamaren, laga nye malar og leita på nettet etter fleire malar.

Merknadsikon

Dersom du har opna startsenteret i LibreOffice.utan å ha opna eit dokument eller program, får du tilgang til malhandsamaren på ein litt annan måte. Du kan framleis opna han med Ctrl + Shift + N, men du kan i tillegg velja «Malar3 på det venstre sidepanelet og deretter velja «Administrer malane».


Hovudvindauget – Val av malar

Det vert vist bilete av dei malane som er funne i hovudvindauget ut frå korleis du søkte etter dei. Dobbeltklikk på ei av førehandsvisingane for å opna eit nytt dokument med innhaldet og formateringa frå malen.

Søk

Du kan søkja etter ein mal ved å skriva inn ein tekst i innskrivingsboksen oppe til venstre. Eventuelle funn vert viste i hovudvindauget.

Filter

I nedtrekkslista «Filter» kan du velja å sjå gjennom alle program, dokument, rekneark eller teikningar. Hovudvindauget vil visa dei filtrerte malane.

Kategoriar

Kategoriar er mappene malane er lagra i. Du kan velja mellom alle kategoriar, mine malar, andre forretningsdokument, forretningskorrespondanse, MediaWiki, presentasjonar, privat korrespondanse og dokument og stilar. (Lista kan variera etter kva du har sett opp). Bruk knappen for innstillingar for å laga ein ny kategori.

Merknadsikon

Du kan ikkje ha ein kategori inne i ein annan kategori.


Merknadsikon

For å leggja malar frå andre mapper til kategorien Mine malar, vel LibreOffice → Stiar og skriv inn stien.


Innstillingar

Trykk på symbolet for innstillingar nede til venstre for å opna menyen for innstillingar. Her kan du laga ein ny kategori, sletta ein kategori eller oppdatera. Dersom ein standardmal for nye dokument er endra, kan finn du også eit val for å stilla denne tilbake til fabrikkinnstillingane.

Bla gjennom malar på nettet

Trykk på knappen «Bla gjennom malar på nettet» nede til venstre for å opna ein nettlesar slik at du kan sjå etter malar på https://templates.libreoffice.org.

Opna

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk på han og vel «Opna», trykk Enter eller dobbeltklikk for å opna eit nytt dokument med denne malen.

Rediger

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk og vel «Rediger» for å redigera malen. Dette gjeld berre for malar som ikkje er innebygde.

Set som standard

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk og vel «Set som standard» for å gjera malen til standardmalen. Dette vil setja eit grønt merke over malen. Malen vert då lasta inn automatisk når eit nytt dokument vert opna med det tilhøyrande programmet.

Tipsikon

Referer til Standardmal


Endra namn

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk og vel «Endra namn» for å gi malen eit nytt namn. redigera malen. Dette vil opna eit nytt dialogvindauge der du kan skriva inn eit nytt namn på malen. Trykk OK når du er ferdig eller trykk Avbryt dersom du ikkje vil endra namnet.

Slett

Vel ein mal i hovudvindauget og trykk knappen Slett eller høgreklikk og vel «Slett» for å sletta malen. Dette vil opna eit dialogvindauge der du kan stadfesta slettinga ved å trykka på Ja, eller Nei dersom du ikkje vil sletta malen.

Flytt

Vel ein mal i hovudvindauget og trykk på knappen «Flytt» for å flytta malen til ein annan kategori. Dei innebygde malane kan ikkje flyttast, men du kan laga ein kopi og leggja han i andre kategoriar.

Eksporter

Vel ein mal i hovudvindauget og trykk knappen «Eksporter» nede til høgre for å eksportere malen til ei mappe på datamaskinen.

Importer

Trykk på knappen «Importer» nede til høgre, vel deretter ein kategori for å importere ein mal frå datamaskinen til den valde kategorien i malhandsamaren.

Eksempel

Eksempel 1 – Laga eit forretningsbrev

  1. Opna LibreOffice Writer

  2. Trykk + Shift + N eller Fil → Ny → Malar for å opna malhandsamaren.

  3. Skriv «forretningsbrev» eller eventuelt «business» i søkjeboksen.

  4. Vel ein av malane som vonleg kjem opp ved å dobbeltklikka på han eller trykk tabulatortasten for å velja og derette Enter-tasten.

  5. Det vert nå opna eit nytt LibreOffice-dokument som brukar denne malen.

  6. Gjer dei ønskte endringane i dokumentet.

Eksempel 2 – Importer mal – privat budsjettrekneark

  1. Opna LibreOffice Calc

  2. Trykk + Shift + N eller Fil → Ny → Malar for å opna malhandsamaren.

  3. Trykk på globussymbolet nede til venstre for å sjå etter malar på nettet.

  4. Søk etter ein mal for personleg budsjett (engelsk: personal budget) og last han ned.

  5. Opna malhandsamaren og trykk på knappen «Importer».

  6. Vel ein kategori, for eksempel «Mine malar», og trykk OK.

  7. Finn den malen du lasta ned, merk han og trykk «Opna»

  8. Malen er nå tilgjengeleg i den kategorien du valde.

Eksempel 3 – LibreOffice Impress – mal for presentasjon

  1. Opna LibreOffice Impress

  2. Når du opnar LibreOffice Impress vert malhandsamaren opna samstundes.

  3. Vel ein mal.

  4. Dei einaste vala du har her er å velja eller å importera ein mal.

  5. Etter at du har opna LibreOffice Impress kan du opna malhandsamaren igjen for å bruka andre funksjonar.

Tipsikon

Organiser malane i kategoriar. Bruk malhandsamaren for å laga nye malar eller å lasta ned malar. Bruk av malar kan spara deg for mykje tid når du har fleire dokument med nokolunde same utforminga eller innhaldet.


Du kan finna meir informasjon under Malar og stilar.

Du kan finna meir informasjon under Laga ein dokumentmal.

Sjå kapittel 3 – «Bruk av stilar og malar» i «Kom i gang», tilgjengeleg (på engelsk) frå Nettsida for dokumentasjon

Du kan finna malar for nedlasting i https://templates.libreoffice.org.