Startside

Velkommen til LibreOffice. Takk for at brukar LibreOffice -programhjelpa Trykk F1 når treng hjelp ved bruk av LibreOffice.

Når ingen dokument er opna i LibreOffice vert startsenteret vist. Dette er delt opp i to panel. Klikk på eitt av symbola på det venstre panelet for å opna eit nytt dokument eller eit dialogvindauge for å opna eit dialogvindauge for filer.

Opna eksisterande filer

Knappen Opna fil opnar dialogvindauget Opna.

Knappen Eksterne filer viser eit Eksterne filer dialogvindauge for å opna filer på eksterne tenarar.

Knappen Tidlegare brukte filer viser miniatyrar av dei dokumenta du har opna tidlegare. Hald musepeikaren over miniatyren for å sjå kor det er lagra. Du får då også opp eit symbol oppe til høgre som du kan trykkja på for å sletta miniatyren frå visinga og frå den gjeldande fillista. Klikk på miniatyren for å opna dokumentet.

Tipsikon

Trykk og hald nede nedtrekksknappen Tidlegare brukte filer for å opna ein meny der du kan sletta lista over dokument du har opna tidlegare.


Trykk på nedtrekksknappen Malar for å visa på høgre sida i vindauget dei malane som finst.

Tipsikon

Trykk og hahld nede nedtrekksknappen Malar for å opna ein meny der dukan filtrera malane etter dokumenttype eller opna dialogvindauget Malar.


Tipsikon

Høgreklikk på ein mal i det høgre panelet for å opna ein meny der du anten kan opna malen for å laga eit nytt dokument basert på denne malen eller å redigera malen.


Opprett:

Dokumentknappane opnar eit nytt dokument av den valde typen.

Knappen Utvidingar opnar sida https://extensions.libreoffice.org/ der du kan henta malar og tilleggsfunksjonar til bruk i LibreOffice.

Åtvaringsikon

Ikkje alle filtypane vil visa ein miniatyr med innhaldet. I staden vert det vist eit stort ikon. Utsjånaden på ikonet vert bestemt av filtypen og datamaskinen.