Starta LibreOffice med parameterar

Ved å starta LibreOffice frå kommandolinja kan bruka ulike parameterar der du kan styra kva programmet skal gjera. Du bør vera ein erfaren brukar for å bruka parameter på kommandolinja.

Merknadsikon

Bruk av kommandolinjeparameterar er normalt ikkje nødvendig. Nokre få av parametera krev grundig kunnskap til den tekniske bakgrunnen for LibreOffice-teknologien.


Starta LibreOffice frå kommandolinja

  1. I Windows, vel Kjør frå startmenyen. (I Windows 7 og nyare, kan du få fram Kjør mellom anna ved å halda inne Windows-logotasten og trykkja R). I Linux, *BSD eller macOS, opnar du eit «shell».

  2. I Windows skriv du inn denne teksten i tekstfeltet Opna og klikkar på OK.

  3. I UNIX-liknande system skriv du inn denne tekstlinja og trykkjer Return:

    Byt ut {installer} med stien til installasjonen av LibreOffice (for eksempel C:\Program Files\Office i Windows eller ~/office in UNIX)

Gyldige kommandolinjeparameterar

Bruk utan spesielle argument

Brukt utan argument vil opna startsenteret.

{file}

Prøver å opna fila (filene) i den komponenten som høver best for dei.

{file} macro:///[Library.Module.MacroName]

Opnar fila og brukar den spesifiserte makroen frå fila.


Få hjelp og informasjon

Parameter

Meining

--help / -h / -?

Lister opp dei tilgjengelege kommandolinjeparametera i konsollen.

--helpwriter

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Writer.

--helpcalc

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Calc.

--helpdraw

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Draw.

--helpimpress

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Impress.

--helpbase

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Base.

--helpbasic

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Basic skriptspråk.

--helpmath

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Math.

--version

Viser LibreOffice-versjonen og avsluttar.

--nstemporarydirectory

(Berre for macOS sandbox) Returnerer stien for den mellombels mappa for den gjeldande brukaren og avsluttar. Overstyrar alle andre argument.


Generelle argument

Parameter

Meining

--quickstart[=no]

Aktiverer[deaktiverer] tenesta snøggstart. Det tar berre eitt parameter: no som slår av snøggtast. Utan parameter vert snøggstart slått på.

--nolockcheck

Slår av kontrollen for eksterne einingar som brukar installasjonen.

--infilter={filter}

Krev ein innfiltertype om dette er mogleg. For eksempel
--infilter="Calc Office Open XML"
--infilter="Text (encoded):UTF8,LF,,,."

--pidfile={file}

Lagrar soffice.bin pid i {file}.

--display {display}

Set variablen DISPLAY på UNIX-liknande plattformer til verdien {display}. Denne parameteren har støtte berre frå startskriptet for LibreOffice-programmet på UNIX-liknande plattformer.


Brukar-/program-kontroll av grensesnittet

Parameter

Meining

--nologo

Slår av velkomstbiletet ved programstart.

--minimized

Startar minimert. Velkomstbiletet vert ikkje vist.

--nodefault

Startar utan å visa anna enn velkomstbiletet.

--invisible

Startar i usynleg tilstand.

Korkje oppstartsbiletet eller det opphavlege programvindauget vert synleg. LibreOffice kan kontrollerast og dokument og dialogvindauge kan opnast via API.

Når LibreOffice er starta med denne parameteren kan det berre avsluttast ved hjelp av oppgåvelista (Windows) eller med kill-kommandoen (UNIX-liknande system).

Parameteren kan ikkje brukast saman med --quickstart.

Du kan finna meir informasjon i LibreOffice Developer's Guide.

--headless

Startar i «headless mode» som tillet bruk av programmet utan brukargrensesnitt.

Denne spesialtilstanden kan brukast når programmet er kontrollert av eksterne klientar via API-et.

--norestore

Slår av omstart og filgjenoppretting etter eit systemkrasj.

--safe-mode

Startar i sikker modus, det vil seia startar mellombels med ein ny brukarprofil og hjelper til med å gjenopprette øydelagde innstillingar.

--accept={UNO}

Fortel LibreOffice at det vert brukt ein «UNO Accept String» når det vert oppretta «UNO Acceptor Threads».

UNO-URL orma uno:tilkoplingstype,parameter;protokollnamn,parameter;ObjektNamn.

Du kan finna meir informasjon i LibreOffice Developer's Guide.

--unaccept={UNO-URL}

Lukker ein «acceptor» som er laga med «--accept={UNO string}». Bruk «--unaccept=all» for å lukka alle opne «acceptor».

--language={lang}

Brukar det spesifiserte språket dersom språket ikkje er vald for brukargrensesnittet. Språket er ein tagg i IETF-språkmerke.


Utviklarargument

Parameter

Meining

--terminate_after_init

Avslutt når oppsettet er ferdig. Ingen dokument lasta inn.

--eventtesting

Avslutt etter at dokumenta er lasta inn.


Argument for å laga nye dokument

Merknadsikon

Argumenta lagar eit romt dokument ut frå den ønskte typen. Berre eit av dei kan brukast på kommandolinja. Dersom det er skrive inn filnamn etter eit argument, prøver det å opna desse filene i den valde komponenten.


Parameter

Meining

--writer

Start med eit tomt Writer-dokument.

--calc

Start med eit tomt Calc-dokument.

--draw

Start med eit tomt Draw-dokument.

--impress

Start med eit tomt Impress-dokument.

--math

Start med eit tomt Math-dokument.

--global

Start med eit tomt Writer-hovuddokument.

--web

Start med eit tomt HTML-dokument.


Argument for filopning

Merknadsikon

Argumenta bestemmer korleis dei følgjande filnamna skal handsamast. Ny handtering byrjar etter argumentet og sluttar ved det nye argumentet. Standard er å opna dokument for redigering og laga nye dokument frå dokumentmalen.


Parameter

Meining

-n

Handsamar dei følgjande filene som malar for nye dokument.

-o

Opnar dei følgjande filene for redigering, uansett om dei er malar eller ikkje.

--pt {Printername}

Skriv ut dei følgjande filene til skrivaren {Skrivarnamn} og avsluttar. Velkomstbiletet vert ikkje vist.

Viss filnamnet inneheld mellomrom, må det skrivast mellom hermeteikn.

Viss fleire oppføringar, vert berre den siste {Skrivarnamn} brukt for alle dokumenta i alle --pt-køyringar.

Også argumentet --printer-name med brytaren --print-to-file verkar på {Printername}.

-p

Skriv ut dei følgjande filene til standardskrivaren og lukker filene. Velkomstskjermen vert ikkje vist.

Viss filnamnet inneheld mellomrom, må det skrivast mellom hermeteikn.

--view

Opnar dei følgjande filene som skriveverna.

--show

Opnar og startar dei følgjande presentasjonsdokumenta straks. Filene vert lukka etter visinga. Filer som ikkje er Impress-dokument, vert opna i standardmodus same kva modus dei måtte ha.

--convert-to OutputFileExtension[:OutputFilterName] [--outdir output_dir]

Batch konverterer filer (krev --headless). Dersom --outdir ikkje er spesifisert, vert den gjeldande mappa brukt som output_dir.

Dersom --convert-to er fleire gonger, vert den siste verdien av OutputFileExtension[:OutputFilterName] brukt. Dersom --outdir er brukt fleire gonger, vert berre den siste verdien brukt. For eksempel:

--convert-to pdf *.doc
--convert-to pdf:writer_pdf_Export --outdir /home/user *.doc
--convert-to \"html:XHTML Writer File:UTF8\" *.doc
--convert-to \"txt:Text (encoded):UTF8\" *.doc

--print-to-file [--printer-name printer_name] [--outdir output_dir]

Batch skriv filer til fil. Dersom --outdir ikkje er oppgjeve, vert den gjeldande mappa brukt som output_dir.

Viss --printer-name eller --outdir er brukt fleire gonger, vert berre den siste verdien brukt. Også brytaren --pt under {Skrivarnamn} verkar også inn på --printer-name. For eksempel:

--print-to-file *.doc
--print-to-file --printer-name nasty_lowres_printer --outdir /home/user *.doc

--cat

Sender innhaldet av dei følgjande filene til konsollen (krev --headless. Kan ikkje brukast saman med --convert-to.

-env:VAR[=VALUE]

Set ein «bootstrap»-variabel. Eksempel: Å setje ein ikkje-standard sti til brukarprofilen:

-env:UserInstallation=file:///tmp/test


Ignorerte brytarar

Parameter

Meining

-psn

Ignorert (Berre macOS)

-Embedding

Ignorert (COM+ relatert; Berre Windows)

--nofirststartwizard

Gjer ingenting, sett inn for å vere bakoverkonvertibel.

--protector {arg1} {arg2}

Vert berre brukt i komponenttestar og må ha to argument.