Setja inn harde mellomrom, bindestrekar og mjuke bindestrekar

Harde mellomrom

For å hindra to ord i å verta skilde ved slutten av ei linje, trykk på når du set inn eit mellomrom mellom orda.

Merknadsikon

Du kan ikkje setja inn harde mellomrom i Calc.


Hard bindestrek

Eit eksempel på bruk av hard bindestrek er eit firmanamn som A-Z. Sjølvsagt ønskjer du ikkje å visa A- ved slutten av linja og Z ved byrjinga av den neste. For å unngå dette, held du nede tastane Shift og Ctrl medan du trykkjer minusteiknet.

Byte ut bindestrek med tankestrek

Du kan skrive inn tankestrekar ved å gå inn på Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Val og merkja av for Byt ut bindestrek med tankestrek på rette stader. Dette vil i visse tilfelle byte ut ein eller to bindestrekar med ein kort eller lang tankestrek. (Sjå Innstillingar for autoretting for meir om dette).

For fleire utbytingar, sjå erstatningstabellen under Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autorettingByt ut. Her kan du mellom anna automatisk byta ein snarveg med ein bindestrek endåtil i ein annan skrifttype.

Mjuk bindestrek

Du set inn ei eventuell orddeling ved å skriva ein mjuk bindestrek der du ønskjer at ordet eventuelt skal delast. Dette kan du gjera med tastane + minusteiknet (-). Dersom orden kjem på slutten av ei linje, kan det verta delt der sjølv om automatisk orddeling er slått av for dette avsnittet.

Spesialteikn

Formateringsteikn