Bruka skript i LibreOffice

Du kan bruka sjølvvalde skript (makroar) til menyoppføringar, ikon, kontrollelement i dialogvindauge og hendingar i LibreOffice.

LibreOffice har intern støtte for desse skriptspråka:

  1. LibreOffice Basic

  2. JavaScript

  3. BeanShell

  4. Python

I tillegg kan utviklarane bruka høgnivåspråk som for eksempel Java til å kontrollera LibreOffice eksternt. API-referansen finst på Internett på api.libreoffice.org.

Slik tildeler du eit skript til ei ny menyoppføring

  1. Vel Verktøy → Tilpass og trykk på fana Verktøylinjer.

  2. Trykk Legg til.

  3. Bla du ned til og opna oppføringa «LibreOffice-makroar» i lista Kategori.

  4. Du kan sjå oppføringar for «LibreOffice-makroar» (skript i den delte mappa «share» i installasjonsmappa til LibreOffice), «Mine makroar» (skript i brukarmappa «user») og det gjeldande dokumentet. Opna ei av dei for å sjå kva skriptspråk som er støtta.

  5. Opna oppføringa til eit skriptspråk for å sjå kva skript som er tilgjengelege. Vel eit skript.

  6. Listeboksen Eksisterande makroar viser ei liste med skriptfunksjonar. Vel ein funksjon.

  7. Trykk på Legg til for å laga ei ny menytildeling. Den nye menyoppføringa vert då vist i listeboksen Postar.

Slik tildeler du eit skript til ein snartast

  1. Vel Innstillingar → Tilpass → Tastatur.

  2. Bla deg ned til og opna oppføringa «LibreOffice-makroar» i lista Kategori.

  3. Du kan sjå oppføringar for «LibreOffice-makroar» (skript i den delte mappa «share» i installasjonsmappa til LibreOffice), «Mine makroar» (skript i brukarmappa «user»), og det gjeldande dokumentet. Opna ei av dei for å sjå kva skriptspråk som er støtta.

  4. Opna oppføringa til eit skriptspråk for å sjå kva skript som er tilgjengelege. Vel eit skript.

  5. Det vert vist ei liste med skriptfunksjonar i listeboksen Eksisterande makroar. Vel ein funksjon.

  6. Trykk på radioknappen for LibreOffice eller Writer (eller eit anna program som er ope).

    Valknappen bestemmer om den nye tastekombinasjonen skal gjelda i heile LibreOffice eller berre for dokument i det gjeldande programmet.

  7. Merk ein tastekombinasjon i listeboksen Snøggtastar og trykk på Endra.

Slik tildelar du eit skript til ei hending

  1. Vel Verktøy → Tilpass → Hendingar.

  2. Klikk på knappen Makro.

  3. Bla nedover i listeboksen Makroar og finn og opna oppføringa «LibreOffice-makroar».

  4. Du kan sjå oppføringar for «LibreOffice-makroar» (skript i den delte mappa «share» i installasjonsmappa til LibreOffice), «Mine makroar» (skript i brukarmappa «user») og det gjeldande dokumentet. Opna ei av dei for å sjå kva skriptspråk som er støtta.

  5. Opna oppføringa til eit av skriptspråka for å sjå kva skript som er tilgjengelege. Merk eit av skripta.

  6. Ei liste med skriptfunksjonar kjem fram i listeboksen Eksisterande makroar. Merk ein av funksjonane.

  7. Vel om du vil lagra i LibreOffice eller i det gjeldande dokumentet.

    Dette bestemmer om den nye tildelinga skal gjelda i heile LibreOffice eller berre for dokument i den gjeldande modulen.

  8. Merk ei hending i lista og trykk OK.

Slik tildeler du eit skript til ei hending for eit innebygd objekt

  1. Merk det innebygde objektet, for eksempel eit diagram, i dokumentet.

  2. Vel Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Makro.

  3. Opna LibreOffice-skript-oppføringa i listeboksen Makroar.

  4. Du kan sjå oppføringar for «share» (skript i mappa «share» i installasjonsmappa til LibreOffice), «user» (skript i brukarmappa), og det gjeldande dokumentet. Opna ei av dei for å sjå kva skriptspråk som er støtta.

  5. Opna oppføringa til eit av skriptspråka for å sjå kva skript som er tilgjengelege. Merk eit av skripta.

  6. Ei liste med skriptfunksjonar kjem fram i listeboksen Eksisterande makroar. Merk ein av funksjonane.

  7. Merk ei hending på lista og trykk OK.

Slik tildeler du eit skript til ei hyperlenkje

  1. Plasser markøren inni hyperlenkja.

  2. Vel Set inn → Hyperlenkje

  3. Klikk på knappen Hendingar.

  4. Merk og tildel som forklart ovanfor.

Slik tildeler du eit skript til eit bilete

  1. Merk biletet i dokumentet.

  2. Vel Format → Bilete → Makro.

  3. Merk og tildel som forklart ovanfor.

Slik tildeler du eit skript til eit skjemakontrollelement

  1. Set inn eit skjemakontrollelement, for eksempel ein knapp. Opna verktøylinja for skjemakontroll, klikk på knappen Trykknapp og dra ein knapp til dokumentet ditt.

  2. Med skjemakontrollen merkt, klikk Kontroll på verktøylinja for skjemakontroll.

  3. Klikk på fana Hendingar i dialogvindauget for eigenskapar.

  4. Klikk på ein av ...-knappane for å opna eit dialogvindauge der du kan tildele eit skript til den merkte hendinga.

Slik tildeler du eit skript til eit kontrollelement i LibreOffice Basic-dialogvindauget

  1. Opna dialogvindaugeutforminga i LibreOffice Basic og lag eit dialogvindauge med eitt kontrollelement.

  2. Høgreklikk og vel Eigenskapar.

  3. Klikk på fana Hendingar i dialogvindauget for eigenskapar.

  4. Klikk på ein av ...-knappane for å opna eit dialogvindauge der du kan tildele eit skript til den merkte hendinga.