Fletta versjonar

Merknadsikon

Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.


Når eit dokument er redigert av meir enn ein person, er det mogleg å fletta dei redigerte kopiane inn i originalen. Det einaste kravet er at alle skilnadane i dokumenta er registrerte endringar. All anna tekst i originalen må vera identisk.

  1. Opna originaldokumentet du vil fletta alle kopiane inn i.

  2. Vel Rediger → Endringar → Flett dokument. Det kjem opp eit vindauge der du kan velja fil.

  3. Merk kopien av dokumentet i dialogvindauget. Viss det ikkje er gjort endringar i originaldokumentet sidan sist, vert kopien fletta inn i originalen.

    Viss det er gjort endringar i originaldokumentet, kjem det fram eit dialogvindauge med ei melding om at flettinga var mislukka.

  4. Når du har fletta dokumenta, vert dei registrerte endringane frå kopien viste i originaldokumentet.

Registrera og visa endringar

Registrera endringar

Godta eller avvisa endringar

Samanlikne versjonar av eit dokument

Versjonshandtering