Godta eller avvisa endringar

Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.

Når du redigerer eit dokument som andre har gjort endringar i, kan du godta eller avvisa endringar kvar for seg, eller godta eller avvisa alle endringane på ei gong.

  1. Viss du har fleire kopiar av dokumentet i sirkulasjon, må du først fletta dei saman til eitt dokument (sjå Fletta versjonar).

  2. Vel Rediger → Spor endringar → Handter. Dette vil opna dialogvindauget for å Handter endringar.

  3. Merk ei endring på fana Liste. Endringa vert merkt og vert vist i dokumentet. Nå kan du bruka knappane på fana til å velja kva du vil gjera med endringa.

Viss ein forfattar har endra endringa til ein annan forfattar, vert endringane viste ordna hierarkisk, med eit plussteikn du kan bruka til å opna hierarkiet.

Viss lista over endringar er for lang, kan du bytte til fana Filter i dialogvindauget og angje at du berre vil visa endringar frå bestemte forfattarar, berre endringar som er gjort den siste dagen eller bruka andre val til å avgrensa kva som vert vist i lista.

Fargekoda element viser resultatet av filteret du bruker. Svarte element kan godtakast eller avvisast og er i samsvar med filterkriteriet. Blå element er ikkje i samsvar med filterkriteriet, men har underelement som er det. Grå element kan ikkje godtakast eller avvisast og er ikkje i samsvar med filterkriteriet. Grøne element er i samsvar med filterkriteriet, men kan ikkje godtakast eller avvisast.