Skriva ut raskare med reduserte data

Du kan velja å redusera mengda med data som er nødvendig for å skriva ut dokumentet. Du kan velja forskjellige innstillingar for utskrift direkte til skrivaren og for utskrift til ei fil.

  1. Vel → LibreOffice → Skriv ut.

  2. Trykk på eitt av desse innstillingsvala:

    Skrivar - for å setja innstillingar for reduserte data ved utskrift direkte til ein skrivar

    Skriv til fil - for å setja innstillingar for reduserte data ved utskrift til ei fil

  3. Merk av for kombinasjonane du vil bruka blant dei fire vala og trykk på OK.

    Alle dokument du skriv ut frå nå av, vil bruka dei endra innstillingane.

  4. Skriv ut dokumentet.

Du kan redusera data for gjennomsikt, for fargeovergangar eller for bilete. Når du reduserer data, vil du for mange skrivarar ikkje sjå endring i utskriftskvaliteten, men tida det tar å skriva ut dokumentet vert merkbart kortare og når du skriv ut til ei fil vert storleiken mindre.