Lima inn innhald i spesielle format

Innhald som er lagra i utklippstavla kan limast inn i dokumentet ved å bruka ulike format. I LibreOffice kan du velja korleis innhaldet skal setjast inn ved hjelp av eit dialogvindauge eller ein nedtrekksknapp.

Vala som er tilgjengelege er avhengige av innhaldet i utklippstavla.

I tekstdokument i Writer kan du lima inn uformatert tekst frå utklippstavla ved å trykkja + Shift + V.

Lima inn innhaldet frå utklippstavla ved hjelp av ein knappemeny

  1. Trykk på pila til høgre for knappen Lim inn på standardverktøylinja for å opna menyen.

  2. Vel eitt av alternativa.

Viss du ikkje likar resultatet, kan du trykkja på knappen Angra og eventuelt lime inn eit av dei andre alternativ.

Lima inn innhaldet på utklippstavla ved hjelp av eit dialogvindauge

  1. Vel Rediger → Lim inn utval.

  2. Vel eit av alternativa og trykk på OK.

Viss du er i eit rekneark og innhaldet på utklippstavla er reknearkceller, vil dialogvindauget Lim inn utval sjå litt annleis ut. Bruk dialogvindauget Lim inn utval til å kopiera celler ved hjelp av grunnleggjande eller avanserte alternativ.