Kopiera formatering med formatpenselen

Du kan bruka formatpenselen til å kopiera formatering frå merkt tekst eller frå eit objekt og bruka formateringa på ein annan merkt tekst eller eit objekt.

Merknadsikon

I Calc kan formatpenselen brukast berre til formatering av celler.


  1. Merk teksten eller objektet som har den formateringa du vil kopiera.

  1. 2. Trykk på Formatpensel i standardverktøylinja.

    Peikaren vert endra til eit målingspann.

    Tipsikon

    Viss du vil bruka formateringa på meir enn eitt utval, dobbeltklikk på formateringspenselen Ikon. Klikk på knappen igjen når du er ferdig med formateringa.


  2. Merk eller trykk på teksten eller objektet du vil bruka formateringa på.

Tipsikon

Viss du ikkje vil bruka avsnittsformatering, hald nede når du trykkjer. Viss du ikkje vil bruka teiknformatering, hald nede + Shift når du trykkjer.


Avsnitts-format er dei formata som vert brukte på heile avsnitt. Teikn-format er dei formata som vert brukte på ein del av eit avsnitt. Viss du for eksempel brukar feit skrift på eit heilt avsnitt, er formatet eit avsnitts-format. Viss du seinare fjernar formatet feit skrift frå delar av avsnittet, vil feit skrift framleis vera eit avsnitts-format, medan den delen som feit skrift er fjerna frå vil vera eit teikn-format.

Tabellen nedanfor viser formateringseigenskapane som formatpenselen kan kopiera:

Utvalstype

Merknad

Ingenting er merkt, men skrivemerket står inne i ein tekst

Kopierer formateringa i det gjeldande avsnittet og teiknformateringa for det neste teiknet i tekstretninga.

Tekst er merkt.

Kopierer formateringa av det siste teiknet i utvalet og avsnittet som inneheld teiknet.

Ei ramme er merkt

Kopierer rammeeigenskapane som er definerte i dialogvindauget Format → Ramme og objekt → Eigenskapar. Innhaldet, storleiken, plasseringa, lenkjer, hyperlenkjer og makroar i ramma vert ikkje kopierte.

Objektet er merkt

Kopierer objektformateringa som er definerte i dialogvindauget Format → Bilete eller Format → Biletobjekt. Innhaldet, storleiken, plasseringa, lenkjer, hyperlenkjer og makroar i objektet vert ikkje kopierte.

Eit skjemakontrollelement er merkt.

Ikkje støtta

Eit teikneobjekt er merkt

Kopierer alle formateringseigenskapane. I Impress og Draw vert også eventuelt tekstinnhald i objektet kopiert.

Tekst inne i celler i Calc er merkt

Ikkje støtta

Ein tabell eller celler i Writer er merkt.

Kopierer formateringa som er sett i fanene «Tabell», «Tekstflyt», «Kantar» og «Bakgrunn» i dialogvindauget Format → Tabell. Også avsnitt- og teiknformatering vert kopiert.

Ein tabell eller celler i Calc er merkt

Kopierer formateringa som er sett i dialogvindauget Format → Celler. Også formateringa av celleinnhaldet vert kopiert.