Dokumentstruktur

Alt innhaldet i vindauget for dokumentstruktur vert her referet til som «kategoriar», om det er titlar, ark, tabellar, tekst, rammer, bilete, OLE-objekt, bolkar, hyperlenkjer, referansar, indeksar eller merknadar.

Dokumentstrukturen viser alle typar objekt som eit dokument inneheld. Viss eit plussteikn vert vist ved sida av ein kategori, betyr dette at det finst minst eitt objekt av denne typen. Viss du held musepeikaren over namnet på ein kategori ei lita stund, vert talet på objekt av denne typen vist i eit utvida tips.

Opna ein kategori ved å trykkja på plussteiknet. Viss du berre vil visa oppføringane i ein bestemt kategori, merkjer du kategorien og trykkjer på Innhaldsvising. Nå vert berre objekta i denne kategorien viste heilt til du trykkjer på knappen igjen.

Du kan festa dokumentstrukturvindauget til kva kant i dokumentet som hels, eller gjera det om til eit flytande vindauge (dobbeltklikk i eit grått område). Når Dokumentstruktur er eit flytande vindauge, kan du endra storleiken på det.

Bruka dokumentstruktur for å koma raskt til objekt

Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument