Endra filtilknyting for Microsoft Office-dokumenttypar

For å endra filtilknytinga for Microsoft Office-filetternamn slik at filene vert opna anten i LibreOffice eller i Microsoft Office, bruk Microsoft Windows:

  1. I Windows utforskar, høgreklikk ei fil av typen du vil knyta til eit anna program.

  2. Vel Opna i → Vel standardprogram.

  3. I lista over program merkjer du programmet som den aktuelle filtypen skal opnast i. Sjå etter at det er kryssa va for «Bruk alltid valde program til å opna denne typen filer».

    Viss desse stega ikkje passar for den versjonen av Microsoft Windows som du bruker, søk gjennom Hjelp for å finna ut korleis filtilordningar kan endrast.