Velja måleeiningar
Du kan velja separate måleeiningar for dokument i LibreOffice Writer-, LibreOffice Writer/Web, LibreOffice Calc, LibreOffice Impress og LibreOffice Draw.
-
Opna eit dokument av den typen du vil byta måleeiningar for.
-
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar.
-
Dobbeltklikk på programmet du vil velja måleeining for i det venstre panelet i dialogvindauget.
Dobbeltklikk på LibreOffice Writer viss du vil velja måleeiningar for tekstdokument.
-
Trykk på Generelt.
-
Vel måleeininga på fana Generelt. Lukk dialogvindauget med OK.
Skriva inn måleeiningar direkte
LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Generelt