Snøggtastar (tilgjengelege i LibreOffice)
Du kan styra LibreOffice utan å bruka datamus, berre ved hjelp av tastaturet.
På hovudsida for kvar modul (for eksempel, hovudhjelpa for LibreOffice Writer eller LibreOffice Calc), finst det ei lenkje som viser til hjelpa for snartastane i denne modulen.
I tillegg kan du under nøkkelordet «Tilgjenge» finna rettleiingar med fleire steg som forklarar korleis du kan kan bruka den valde modulen utan mus.
Arbeida med LibreOffice-brukargrensesnittet utan mus
Slå på menylinja, verktøylinjer, vindauge og dokument
Ved å trykka på F6 vil fokus sirkla gjennom desse objekta:
-
menylinje,
-
alle verktøylinjer frå øvst til nedst og frå venstre mot høgre,
-
alle ledige vindauge frå venstre mot høgre,
-
dokument
Trykk Shift + F6 for å sirkla gjennom objekta i motsett retning.
Trykk CmdCtrl + F6 for å byta til dokumentet.
Trykk F10 for å byta til menylinja og tilbake.
Escape lukker ein opna undermeny, ei verktøylinje eller det gjeldande, ledige vindauget.
Kalla opp ein menykommando
Trykk TilvalAlt eller F6 eller F10 for å velja den første menyen (Filmenyen). Med Pil høgre vert den neste menyen til høgre vald. Med Pil venstre vert den førre menyen vald.
Pil ned opnar den merkte menyen. Kvar gong du trykkjer Pil ned og Pil opp vert valet flytt gjennom menykommandoane. Med Pil høgre kan du opna ein eksisterande undermeny.
Trykk Enter for å utføra den merkte menykommandoen.
Utføra ein ikonkommando
Trykk F6 fleire gongar til den første knappen på verktøylinja er merkt. Bruk Pil høgre og Pil venstre for å velja ein knapp på ei vassrett verktøylinje. På same måten kan du bruka Pil opp og Pil ned for å velja ein knapp på ei loddrett verktøylinje. Viss du trykkjer Home, vert den første knappen på ei verktøylinje merkt og viss du trykkjer End, den siste.
Trykk Enter for å bruka det merkte ikonet. Viss den merkte knappen normalt krev at du også utfører ei handling med musa, som for å setja inn eit rektangel, er det ikkje nok å trykkja på Enter. I slike tilfelle må du trykkja CmdCtrl + Enter.
-
Trykk CmdCtrl + Enter på ein knapp for å laga eit teikneobjekt. Eit teikneobjekt med ein førehandsvald storleik vert då sett inn midt i visinga.
-
Trykk CmdCtrl + Enter på markerings-verktøyet for å velja det første teikneobjektet i dokumentet. BrukCmdCtrl + F6 for å setja fokuset i dokumentet viss du vil redigera, skalera eller flytta det valde teikneobjektet.
Viss ei verktøylinje er for lang til å visast på skjermen, vert det vist ein knapp til høgre eller i underkant av verktøylinja. Merk verktøylinja og trykk Page Up eller Page Down for å visa resten av knappane.
Spesielle hint for verktøylinjer
Trykk Pil ned eller Pil høgre for å opna den valde verktøylinja. Dette svarar til eit museklikk. Bruk Pil høyre og Pil venstre i verktøylinja. Home og End merkjer den første og den siste knappen i verktøylinja.
Lukk verktøylinja ved å trykka på Escape. Det er ikkje råd å flytta verktøylinja utan mus.
Val frå ein kombinasjonboks
Merk av i kombinasjonsboksen og trykk Enter.
Bruk Pil ned eller Page Down for å rulla nedover gjennom elementa i kombinasjonsboksen, og Pil opp eller Page Up til å rulla oppover. Home tar deg til det første elementet og End til det siste elementet.
Trykk Enter for å bruka det valde elementet.
Val i tabellar
I mange vindauge, dialogvindauge og i tabellkontrollfelt er det tabellar for å velja data. For eksempel i den høgre delen i Datakjeldevising. Desse tastane vert brukte for val i desse tabellane:
-
Mellomrom: byter mellom merking av den gjeldande rada og annullering av all merking, men ikkje viss cella er i redigeringstilstand.
-
CmdCtrl + mellomrom: byter mellom merking av den gjeldande rada og annullering av merkinga.
-
CmdCtrl + Shift + mellomrom: byter mellom merking av den gjeldande kolonnen og annullering av merkinga.
-
ValAlt + Pil opp eller ValAlt + Pil ned: flyttar vindaugeskiljet mellom tabellar og skjema. For eksempel i litteraturdatabasen.
-
I ein tabellkontroll eller i ei datakjeldevising vil Tabulator-tasten flytta til den neste kolonnen. For å flytta til det neste kontrollelementet, trykk CmdCtrl + Tabulator. For å flytta til det førre kontrollelementet, trykk Shift + CmdCtrl + Tabulator.
Storleik og plassering av vindauge og dialogvindauge
-
Trykk først TilvalAlt + Mellomrom.
Nå vert det opna ein systemmeny som inneheld menykommandoar som Flytt, Endra storleik og Lukk.
-
Vel ein kommando (trykk Pil ned og deretter Enter).
-
Nå kan du bruka piltastane til å flytta eller endra storleiken på dialogvindauget eller vindauget.
-
Trykk Enter for å godta endringa. Trykk Escape for å forkasta endringa.
Festa og losna vindauge og verktøylinjer
-
Trykk F6 til vindauget eller verktøylinja er merkt.
-
Trykk CmdCtrl + Shift + F10.
Merkja objekt
Trykk Shift + F4 for å merkja det første objektet i det gjeldande dokumentet. Når eit objekt er merkt, trykk tabulatortasten for å merkja det neste objektet eller trykk Escape for å gå tilbake til teksten.
Redigera objekt
Eit merkt OLE-objekt kan slåast på med Enter.
Redigera plassering og storleik for objekt
-
Bruk piltastane til å flytta det valde objektet med ei eining i rutenettoppløysinga.
Set rutenettoppløysinga med LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Rutenett i området Oppløysing. Viss du skriv inn eit tal større enn 1 i området Underinndeling må du trykka piltasten så mange gongar som talet seier for å flytta det valde objektet ei rutenetteining.
-
Bruk ValAlt og piltastane for å flytta det valde objektet éin piksel.
-
Bruk CmdCtrl + Tabulator for å gå til handtaksredigeringstilstand. Det øvste handtaket til venstre er det aktive handtaket, det byrjar å blinka. Bruk CmdCtrl + Tabulator for å velja neste handtak. Trykk Escape for å gå ut av handtaksredigeringstilstanden.
-
I tilstand for redigering av handtak flytter piltastane det valde handtaket, som endrar storleiken på objektet.
Redigera ankera for objekt
Du kan flytte ankeret til eit objekt ved hjelp av piltastane. Gå først til tilstand for redigering av handtak og merk ankeret. Nå kan du flytta ankeret i ulike retningar, avhengig av ankertypen.
-
Vel objektet.
-
Gå til handtaksredigeringstilstand med CmdCtrl + Tabulator.
-
Det øvre, venstre handtaket byrjar å blinka. Trykk CmdCtrl + Tabulator fleire gongar til ingen handtak blinkar. Dette betyr at forankringa av objektet er slått på. I tekstdokument kan du trykka Shift + CmdCtrl + A for å slå på forankringa direkte.
-
Bruk piltastane til å flytta ankeret. Objektet følgjer ankeret.
Du kan endra ankeret til det valde objektet i sprettoppmenyen til objektet.
-
Viss objektet er forankra Til avsnitt, flytter piltastane objektet til førre eller neste avsnitt.
-
Viss objektet er forankra Til side, flytter Page Up og Page Down til den førre eller neste sida.
-
Viss objektet er forankra Til teikn, flytter piltastane objektet gjennom det gjeldande avsnittet.
-
Viss objektet er forankra Som teikn, vil det ikkje ha nokon ankerknapp. Du kan ikkje flytta objektet.
-
Viss objektet er forankra Til ramme, flyttar piltastane objektet til neste ramme i den aktuelle retninga.
Handtera skiljelinjene
LibreOffice Calc-, LibreOffice Draw- og LibreOffice Impress-dokument kan delast inn vassrett og loddrett i skilde visingar. Kvar vising kan syna ulike delar av dokumentet. Du kan bruka musa til å dra ei skiljelinje frå rullefeltet inn i dokumentet.
-
Shift + CmdCtrl + F6 viser skiljelinjene i standardposisjoner og fokuserer på ei linje.
-
Piltastar: Flytter den gjeldande skiljelinja eit stort steg i den retninga pila peikar.
-
Shift + piltastar: Flytter den gjeldande skiljelinja eit lite steg i den retninga pila peikar.
-
Delete: Slettar den gjeldande skiljelinja
-
Shift+Delete: Slettar begge skiljelinjene
-
Enter: Låser skiljelinjene til den gjeldande plasseringa.
-
Escape: Tilbakestiller den gjeldande skiljelinja til standardplasseringa
Handtera datakjeldevisinga
CmdCtrl + Shift + F4 opnar og lukker visinga av datakjeldene.
F6: Byter mellom dokumentet og verktøylinjene.
+ (plusstasten): Utvidar det merkte elementet i datakjeldeutforskaren.
- (minustast): Faldar saman det merkte elementet i datakjeldeutforskaren.
CmdCtrl + Shift + E: byter mellom datakjeldeutforskaren og tabellen.
Snøggtastar i vindauget for spørjingsutforming
F6: Skifter mellom objektlinja, tabellvisinga og utvalsområdet.
TilvalAlt + Pil opp eller TilvalAlt + Pil ned: flyttar kanten mellom tabellvisinga og utvalsområdet opp eller ned.
Tastar i tabellvisinga (øvre området i spørjingsutforminga) og i vindauget for relasjonar
CmdCtrl + Piltast: flytter den valde tabellen i den retninga pila peikar.
CmdCtrl + Shift + Piltast: forandrar storleiken på den valde tabellen i tabellvisinga.
Delete: Fjernar den valde tabellen eller tilkoplinga frå tabellvisinga.
Tabulator: Byter mellom tabellar og koplingar i tabellvisinga.
Enter: Når ei kopling er merkt, opnar «Enter»-tasten dialogvindauget Eigenskapar for koplinga.
Enter: Når ein tabell er merkt, vil «Enter» fylla ut det første datafeltet frå listeboksen inn i utvalsområdet.
Taster i utvalsområdet (den nedre delen av spørjingsutformingsvindauget)
CmdCtrl + Pil venstre pil eller Pil høgre: flytter den valde kolonnen til venstre eller høgre.
Tastar i vindauget for tabellutforming
F6: Skifter mellom verktøylinja, kolonnevisinga og eigenskapsområdet.
Kontrollere biletkartredigering
-
Trykk «Tabulator» for å merkja ein knapp. Viss du valde ein av knappane frå Rektangel til Frihandsmangekant og trykkjer CmdCtrl + Enter, vert det laga eit objekt av den valde typen i standardstorleiken.
-
Viss du trykkjer «Enter» medan ikonet Vel er merkt, vert fokus sett på biletvindauget i biletkartredigeringa. Trykk «Escape» for å flytta fokus tilbake til knappane og inndatafelta.
-
Viss Vel er merkt og du trykkjer Ctrl + Enter, vert det første objektet i biletvindauget vald.
-
Bruk knappen Rediger punkt til å skifta til tilstand for punktredigering for mangekantar og tilbake.
-
Bruk Ctrl + Tabulator i biletvindauget for å velja det neste punktet. Bruk Shift + Ctrl + Tabulator for å velja det førre punktet.
-
Bruk Delete-tasten medan fokus er i biletvindauget for å sletta det merkte objektet.
Handtera hjelpa
Trykk «Shift+F2» for å visa Utvida tips for kommandoen, knappen eller kontrollelementet som er merkt.
Navigera i hovudhjelpesidene
-
I hovudhjelpesidene kan du bruka Tabulator-tasten til å hoppa til den neste hyperlenkja eller Shift + Tabulator for å hoppa til den førre hyperlenkja.
-
Trykk Enter for å bruka den valde hyperlenkja.
-
Trykk rettetasten for å gå tilbake til den førre sida i hjelpa.
Kontrollera dialogvindauget for tekstimport (CSV-fil-import)
Linjal
-
Pil venstre eller Pil høgre: Gå ein posisjon til venstre eller til høgre
-
Ctrl + Pil venstre eller Ctrl + Pil høgre: Hopp til den førre eller den neste delinga
-
Ctrl + Shift + Pil venstre eller Ctrl + Skift + Pil høgre: flytt ei deling éin posisjon til venstre eller til høgre
-
Home eller End: hopp til den første eller siste moglege posisjonen
-
Ctrl + Home eller Ctrl + End: hopp til den første eller den siste delinga
-
«Shift + Ctrl + Home» eller «Skift + Ctrl + End»: flytt inndelinga til den første eller til den siste posisjonen
-
Mellomrom: set inn eller slett ei inndeling
-
Insert: set inn ein ny inndeling (la eksisterande splittar vera uendra)
-
Delete: slettar ei inndeling
-
Shift + Delete: slettar alle inndelingane
-
Pil opp eller Pil ned: bla ei rad opp eller ei rad ned i tabellen
-
Page Up eller Page Down: bla ei side opp eller ei side ned i tabellen
-
Escape (ved draoperasjon med musa): avbryt draoperasjonen, flytter delinga tilbake til den gamle posisjonen
Førehandsvising
-
Pil venstre eller Pil høgre: merk venstre eller høgre kolonne og fjern andre val
-
Ctrl + Pil venstre eller Ctrl + Pil høgre: flytt fokus til venstre eller høgre kolonne (endrar ikkje markeringa)
-
Shift + Pil venstre eller Shift + Pil høgre: utvidar eller forminskar det valde området
-
Ctrl + Shift + Pil venstre eller Ctrl + Shift + Pil høgre: utvidar eller forminskar det valde området (endrar ikkje andre markeringar)
-
Home eller End: Merk den første eller den siste kolonnen (bruk Shift eller Ctrl på same måten som piltastane)
-
Shift + Mellomrom: Merkjer området frå den siste merkte kolonnen til den gjeldande kolonnen
-
Ctrl + Shift + Mellomrom: Merkjer området frå den siste merkte kolonnen til den gjeldande kolonnen (endrar ikkje andre markeringar)
-
Ctrl + A: merkjer alle kolonnar
-
Shift + F10: opnar ein sprettoppmeny
-
Ctrl + 1 … Ctrl + 7: set den første … sjuande kolonnetypen for den merkte kolonnen
-
Pil opp eller Pil ned: bla ei rad opp eller ei rad ned i tabellen
-
Page Up eller Page Down: bla ei side opp eller ei side ned i tabellen
-
Ctrl + Home eller Ctrl + End: Blar til toppen eller botnen av ein tabell
Kontrollera dialogvindauget «Set inn → Spesialteikn»
-
Tabulator byter mellom alle kontrollelementa i dialogvindauget.
-
TilvalAlt + Pil ned opnar ein kombinasjonsboks. Enter vel den gjeldande oppføringa i kombinasjonsboksen.
-
Pilknappane flytter gjennom hovudutvalsområdet. Mellomromtasten legg det gjeldande teiknet til i lista over teikn som skal setjast inn.