Setja inn, redigera og lagra punktbilete

Setja inn punktbilete

Du kan setja inn punktbilete i dokument laga med LibreOffice Writer, LibreOffice Calc, LibreOffice Draw og LibreOffice Impress.

  1. Vel Set inn → Bilete → Frå fil.

  2. Merk fila. I feltet Filtype kan du avgrensa utvalet til bestemte filtypar.

  3. Merk av i boksen Lenkje viss du vil setja inn ei lenkje til den opphavlege fila.

    Viss du merkjer av for Lenkje, vert punktbiletet oppdatert kvar gong dokumentet vert oppdatert og lasta inn. Viss du har gjort endringar i den lokale kopien av biletet i dokumentet, vert biletet oppdatert med endringane før det vert vist.

    Viss det ikkje er merkt av for Lenkje, arbeider du alltid med kopien som vart laga den første gongen biletet vart sett inn.

    For å byggja inn bilete som først vart lagt inn som lenkje, vel Rediger → Lenkjer og klikk på knappen Bryt lenkje.

  4. Trykk på Opna for å setja inn biletet.

Redigera punktbilete

Knappar på biletverktøylinja

Når du merkjer eit bilete, vil verktøylinja for bilete innehalda dei verktøya du treng for å redigera biletet. All redigeringa vert gjort på ein lokal kopi av biletet sjølv om du har sett inn biletet som ei lenkje.

Merknadsikon

Utsjånaden på verktøylinja for bilete vil variera i høve til kva modul du bruker.


Du finn fleire filter i menyen Filter som du opnar ved å trykka på filterknappen på verktøylinja for bilete.

Det opphavlege biletet vert ikkje endra av filtra. Filtra vert berre brukte på eit bilete inne i dokumentet.

Nokre filter opnar eit dialogvindauge som du kan bruka til å velja for eksempel intensiteten for filteret. Dei fleste filtra kan brukast fleire gongar for å forsterka verknaden av filteret.

Merknadsikon

I LibreOffice Draw og LibreOffice Impress kan du leggja til tekst og bilete, merkja desse saman med objekta og punktbiletet og eksportera valet som eit nytt punktbilete.


Biletdialogvindauget

  1. Høgreklikk på biletet og vel Bilete på sprettoppmenyen for å opna eit dialogvindauge for ulike biletinnstillingar.

  2. Endra eigenskapane for det valde biletet og trykk «OK».

Lagra punktbilete

Viss du vil lagra eit bilete i eit format som GIF, JPEG eller TIFF, må du merkja og eksportera punktbiletet.

Eksportera eit punktbilete i Draw eller Impress:

  1. Merk punktbiletet. Du kan også velja å eksportera fleire objekt, som for eksempel tekst, saman med biletet ved å halda nede Shift-tasten samstundes som du markerer eller ved å dra eit rektangelutval rundt alle objekta.

  2. Vel Fil → Eksporter for å opna dialogvindauget Eksporter.

    Kommandoen Eksport lagrar biletet med alle filtereffektane til ei fil. Kommandoen Lagra biletet i sprettoppmenyen vil lagra biletet utan filtereffektane viss biletet er sett inn som eit lenkja bilete. Eit innebygd bilete vert alltid lagra eller eksportert saman med filtereffektane.

  3. Vel filformatet du vil bruka i feltet Filformat, for eksempel GIF eller JPEG.

  4. Viss du berre vil eksportera dei merkte objekta, set du eit merke i feltet Utval.

    Viss det ikkje er merkt av i Val, vert heile dokumentet eksportert.

  5. Skriv inn eit namn på fila og trykk på Eksporter.

Slik eksporterer du eit punktbilete i Writer: Høgreklikk på biletet og vel Lagra bilete for å få fram dialogvindauget for eksportering. Skriv inn eit filnamn og vel filtype.

Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument

Leggja til klikkbare område i bilete

Biletfiltra frå biletlinja