Opna dokument som er lagra i andre format
Du kan opna eit dokument som er lagra i eit anna format på denne måten:
-
Vis Fil → Opna.
-
Vel eit format frå lista Filtype.
-
Merk eit filnamn og trykk på Opna.
Viss du vil at fildialogvindauget alltid skal visa eit anna filformat som standard, vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Last inn/lagra → Generelt og merk formatet som Standard filformat.
Gjer om alle dokumenta i ei mappe
Opna vegvisaren som viser deg korleis du kan kopiera og konvertera alle Microsoft Word, Microsoft Excel og Microsoft PowerPoint-dokument til OpenDocument-filformat. Du kan velja ei kjeldemappe og ei målmappe, og velja om du vil konvertere dokument og/eller malar og så vidare.
Opna HTML-filer i Writer
-
Vel filtypen «HTML-dokument» for å opna fila i LibreOffice Writer/Web. Dette er standard for HTML-dokument i LibreOffice.
Nå er alle innstillingane i LibreOffice Writer/Web tilgjengelege, mellom anna Vis HTML-kjelde.
-
Vel «HTML-dokument (LibreOffice Writer)» for å opna dokumentet i LibreOffice Writer.
Alle innstillingane i LibreOffice Writer er nå tilgjengelege. Ikkje alle vala som LibreOffice Writer tilbyr for redigering av dokument kan lagrast i HTML-format.