Redigera hyperlenkjer

Når du held nede og klikkar på ei hyperlenkje i eit Writer-dokument vert nettlesaren opna med den aktuelle nettadressa. Viss du ikkje bruker ei mus, plasser markøren inni hyperlenkja og opna sprettoppmenyen med Shift + F10 og vel «Opna hyperlenkje».

Slik kan du endra teksten i ei hyperlenkje

Viss du går ut av hyperlenkja ved å plassere markøren utanfor lenkja, er det berre den synlege teksten som vert endra.

Viss du går ut av hyperlenkja ved å skriva inn eit mellomromsteikn rett etter det siste teiknet, vil autorettinga, viss denne funksjonen er slått på, endra måladressa til å verta den same som den synlege teksten.

Slik endrar du nettadressa i ei hyperlenkje

Endra eigenskapane for alle hyperlenkjer

  1. Opna stilhandsamaren

  2. Trykk på ikonet for teiknstilar.

  3. Høgreklikk på teiknstilen «Internett-lenkje» eller «Vitja Internett-lenkje» og vel Rediger.

  4. Merk dei nye eigenskapane i dialogvindauget og trykk OK.

Redigera ein hyperlenkjeknapp

Viss hyperlenkja er ein knapp, kan du trykkja på kanten for å merkja han, eller trykkja medan du klikkar. Opna dialogvindauget Eigenskapar via sprettoppmenyen. Du kan redigera etiketteksten under «Etikett» og forandra adressa i «Nettadresse-feltet».

Relative og absolutte lenkjer