Arbeida med grupper

Du kan kombinera fleire biletobjekt til ei gruppe, slik at du kan bruka dei som eitt enkelt objekt.

Du kan flytta, omforma, endra storleik på, forvrenga eller gjera om alle objektea i ei gruppe samstundes og du kan når som helst gå inn i gruppa for å endra dei enkelte objekta i gruppa.

Du kan endra eigenskapane (linjestorleik, fyllfarge og mykje meir) for alle objekta i ei gruppe samstundes og du kan når som helst gå inn i gruppa for å endra dei enkelte objekta i gruppa.

Grupper kan også nøstast, slik at det vert laga grupper inne i andre grupper.

Gruppera objekt

  1. Merk alle objekta som skal vera med i gruppa du vil laga. Hald nede Shift-tasten medan du trykkjer på dei enkelte objekta.

  2. Høgreklikk på eitt av objekta for å opna sprettoppmenyen. I Calc og Writer finn du kommandoane i undermenyen Grupper, medan du i Impress og Draw finn dei som eiga oppføring i menyen.

  3. Vel Grupper.

    Merknadsikon

    Du kan også velja objekt ved å dra ei ramme rundt objekta.


For eksempel kan du gruppera alle objekta i ein firmalogo for å kunne flytta og forstørra logoen som eit enkeltobjekt.

Etter at du har gruppert objekt, vil du velja heile gruppa dersom du vel éin del av ho.

Gå inn i ei gruppe

  1. Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw er dei øvst i sprettoppmenyen.

  2. Vel Rediger gruppe.

  3. Nå kan du merkja og redigera eitt enkelt objekt i gruppa.

I denne tilstanden kan du leggja til eller sletta objekt i ei gruppe.

I denne tilstanden kan du leggja til eller sletta objekt i ei gruppe.

Gå ut av ei gruppe

  1. Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw øvst i sprettoppmenyen.

  2. Vel Gå ut av gruppe.

I Draw og Impress kan du også gå ut av ei gruppe ved å dobbeltklikka kvar som helst utanfor gruppa.

Løysa opp ei gruppe

  1. Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw øvst i sprettoppmenyen.

  2. Vel Løys opp gruppe.

Nå kan du velja og redigera alle objekta som enkeltobjekt.