Fontwork til grafisk tekstkunst

Du kan bruka Fontwork for å laga grafiske tekstkunstobjekt.

Slik lagar du eit Fontwork-objekt

  1. Viss du ikkje ser verktøylinjene for teikning eller Fontwork, bruk Vis → Verktøylinjer for å slå dei på.

  2. Klikk på ikonet Fontwork-galleri Ikon på verktøylinja Teikning eller på verktøylinja Fontwork.

  3. Merk ein Fontworkstil i dialogvindauget Fontworkgalleri og trykk «OK».

    Fontwork-objektet vert sett inn i dokumentet. Fontwork-objekt er tilpassa former. Ved å bruka verktøylinja for 3D-innstillingar, kan du byta visinga mellom 2D og 3D.

  4. Dobbeltklikk på objektet for å gå til tekstredigeringstilstand.

  5. Byt ut Fontwork-teksten med din eigen tekst.

  6. Trykk Escape for å gå ut av tekstredigeringstilstand.

Slik redigerer du eit Fontwork-objekt

  1. Klikk på Fontwork-objektet. Viss Fontwork-objektet er sett inn i bakgrunnen, hald nede Ctrl medan du klikkar.

    Verktøylinja Fontwork vert vist. Viss du ikkje ser denne verktøylinja, vel Vis → Verktøylinjer → Fontwork.

  2. Trykk på ein knapp i verktøylinja Fontwork.

    Desse knappane er tilgjengelege:

Slik redigerer du fleire eigenskapar i Fontwork

  1. Klikk på Fontwork-objektet. Viss Fontwork-objektet er sett inn i bakgrunnen, hald nede Ctrl medan du klikkar.

  2. Vel dei eigenskapane du vil bruka frå verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt. Du kan endra linjebreidda, linjefargen, områdestil, fyll m.m.