Bruka filterstruktur

Trykk på knappen for filternavigering på filterlinja dersom du vil knyta saman fleire filtreringsvilkår med ELLER. Då kjem vindauget Filternavigering fram.

Dei filtreringsvilkåra som er sette vert viste i filterstruktur. Når eit filter er gjeve, vil du sjå ei tom filteroppføring nedst i filterstruktur. Du kan velja denne oppføringa ved å trykka på ordet «Eller». Når du har vald ei tom filteroppføring, kan du skriva inn fleire filtreringsvilkår i skjemaet. Vilkåra vert lenkja saman med dei tidlegare gjevne vilkåra med eit logisk ELLER.

Sprettoppmenyen kan opnast for alle oppføringane i filterutforskaren. Du kan redigera filtreringsvilkåra direkte som tekst i dette området. Viss du vil undersøkja om eit felt har innhald eller ikkje, kan du velja filtreringsvilkåret «tom» (SQL:«Is Null») eller «ikkje tom» (SQL: «Is not Null»). Oppføringa kan også slettast via sprettoppmenyen.

Du kan flytta filtreringsvilkåra Filterstruktur ved å bruka dra og slepp eller med tastane + Alt + Pil opp eller + Alt + Pil ned. Du kan kopiera filtreringsvilkår ved å dra dei medan du held inne .

Når du utformar eit skjema, kan du velja eigenskapen «Filterforslag» for kvar tekstboks på fana Data i det tilsvarande Eigenskapar-dialogvindauget. Når du seinare søkjer i filtermodus, kan du velja mellom all informasjonen som ligg i desse felta. Då kan du bruka autofullføring til å velja innhald i felta. Ver merksam på at denne funksjonen krev mykje minne og kan ta lang tid, særleg når den vert brukt på store databaser. Dirfor bør du berre bruka denne funksjonen når det er nødvendig.

Søking i tabellar og skjemadokument